Liv Signe Navarsete (Sp): Det vert hevda frå justisministeren at dei som kjem til norsk grense har «rett til å reise inn i Noreg og få sin søknad om beskyttelse vurdert her».
Kan statsråden opplyse kvar denne bestemmelsen står i utlendingslova og kva konkrete artiklar i Flyktningkonvensjonen, Den europeiske menneskerettskonvensjonen eller anna internasjonalt regelverk som avgrensar Noreg sitt handlingsrom for grensehandtering og som forpliktar Noreg til å la asylsøkjarar passere norsk grense?
Begrunnelse
Underteikna stilte statsråden 5. november følgjande spørsmål:
«Kan statsråden klargjere om politiet i dag stoppar nokon langs Noreg si grense til Russland, eller blir alle som ønskjer det gitt innreise inn til Noreg der deira søknad om asyl blir handsama, og kva for regelverk og tilhøyrande konkrete paragrafar er det som eventuelt hindrar regjeringa i å innføre visumplikt for innreise inn til Noreg frå Russland?»
På dette spørsmålet svarte statsråden mellom anna at «personer som på norsk grense anfører et beskyttelsesbehov har imidlertid etter utlendingslovens §§ 9 og 28, og etter internasjonale konvensjoner Norge er bundet av, rett til å reise inn i Norge og få sin søknad om beskyttelse vurdert her». Statsråden viste ikkje til kva for konkrete delar av internasjonalt regelverk som avgrensar Noreg sitt handlingsrom i denne saken.
I ein kronikk i Klassekampen onsdag 27. november stiller professor i rettsvitskap, Peter Ørebech, spørsmålsteikn ved svaret frå statsråden. Ørebech skriv mellom anna i kronikken at det ikkje står noko stad at en person som kjem til grensa og søkjer asyl straks skal få tillating til å sleppe inn i riket.