Jenny Klinge (Sp): Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap har gjort framlegg om å flytte 110-sentralen i Finnmark til Troms, noko som vil innebera at Finnmark fylke kjem til å stå utan ein fagsentral for brann og redning.
Er justisministeren einig i at dette skal skje, eller vil han stoppe denne samanslåinga?
Begrunnelse
Det nye Finnmark politidistrikt skal bli oppretta i samband med gjennomføringa av den nye politireforma, når Aust-Finnmark politidistrikt og Vest-Finnmark politidistrikt blir slått saman. Framlegget frå DSB om å leggje ned 110-sentralen i Hammerfest vil innebera at Finnmark politidistrikt blir utan ein eigen 110-sentral som opererer i det same geografiske området. Fagmiljøet på Finnmark 110-sentral er kompetent og har folk med brei og lang erfaring. Det er også ei eiga samisk tolketeneste der som er driven av sentralen, som brannsjefane innanfor det samiske forvaltningsområdet set pris på. Det er ofte både samiske og norske stadnamn på stadene i Finnmark, og dei samiskspråklege nyttar ofte det samiske stadnamnet. Då er den eksisterande tolketenesta ein fordel for rask, presis og god kommunikasjon i ulike hastesituasjonar.