Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:335 (2015-2016)
Innlevert: 10.12.2015
Sendt: 11.12.2015
Besvart: 18.12.2015 av utenriksminister Børge Brende

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Vil regjeringa vurdere å sjå på søknadene frå sivilsamfunnsorganisasjonane som arbeidar for å fremje det humanitære perspektivet og trongen for eit forbod mot atomvåpen på nytt, for eventuelt å løyve støtte til dei for 2016 og 2017?

Begrunnelse

I sitt svar av 25.11.2015 på Liv Signe Navarsete sitt spørsmål om når regjeringa ville svare på sivilsamfunnsorganisasjonane sine 2015-søknader om midlar under kapittelpost 164.72, Utvikling og nedrusting, seier utanriksministeren at forslaget om nysaldering gjer at det ikkje kan setjast i verk nye tiltak innanfor nedrustings-, ikkje-spreiings- og fredeleg bruk-feltet utover det som er forplikta og satt i gang. Dette er likevel berre ei forklaring som rører ved 2015. Søknadene var hovudsakleg treårige, og dekka dei siste månadene av 2015 samt heile 2016 og 2017. Då svara frå UD kom var 2015 snart over, og det var difor i røynda støtte til desse organisasjonane sin innsats i 2016 og 2017 som stod att å vurdere.

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Utanriksdepartementet opererer med årlege budsjett og dermed årlege utlysingar av tilskottsmidlar. Utlysinga for tilskottsordninga Utvikling og nedrusting, med søknadsfrist 15. august, var difor basert på prioriteringar og tilskottsmidlar for 2015. På grunn av omprioriteringane i nysalderinga vart det ikkje mogleg å setje i verk nye tiltak innanfor felta nedrusting, ikkje-spreiing og fredeleg bruk utover det som er forplikta og sett i gong. Følgjeleg vart søknadene avslått. Det gjaldt søknader ikkje berre for 2015, men også om støtte til fleire år. Avslaga gjeld søknadene samla sett.

Utanriksdepartementet har ein praksis som gjer det mogleg å inngå fleirårige avtalar, med atterhald om Stortinget si godkjenning. Difor er det allereie forplikta rundt 19 millionar kroner under tilskottsordninga Utvikling og nedrusting for 2016. Eksisterande avtalar vil bli overhaldne så langt det vil vere mogleg.

Stortinget si omdisponering i bistandsbudsjettet for 2016 har ført til omprioriteringar og nedskalering i tilskottsporteføljen til departementet. I budsjettforliket vart kapittel 164.72 Global tryggleik, utvikling og nedrusting, der tilskottsordninga Utvikling og nedrusting er ei av fleire som inngår, redusert med 90 millionar kroner.

Støtte til sivilsamfunnsorganisasjonane som arbeider for å fremje det humanitære perspektivet for 2016 og 2017, vil difor måtte sjåast i lys av dei årlege prioriteringane for 2016 når det gjeld tilskottsordninga Utvikling og nedrusting.