Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:343 (2015-2016)
Innlevert: 11.12.2015
Sendt: 14.12.2015
Besvart: 22.12.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Vil samferdselsministeren leggje til rette for at Florø lufthamn vert lagt inn att under ordninga med statleg kjøp av regionale flyruter (FOT), og lyse ut rutene på anbod snarast for å sikre framtidig flytilbod til næringsliv og innbyggjarar i regionen?

Begrunnelse

Etter at regjeringa vedtok å gjere flyrutene ved Florø Lufthamn kommersielle, samt innfører seteavgift på flyreiser er det skapt stor uvisse kring det viktige flytilbodet på kysten av Sogn og Fjordane. Florø Lufthamn har stor nedgang i trafikk, mellom anna grunna redusert aktivitet på sokkelen. Widerøe har varsla kutt i rutetilbodet på fleire av sine ruter etter at regjeringa vedtok å innføre seteavgift. Dei to vedtaka frå regjeringa forsterkar kvarandre i negativ lei for Florø Lufthamn, og næringslivet i kystbyen krev at regjeringa gjer om vedtaket sitt og legg rutetilbodet på Florø Lufthamn inn att under ordninga med statleg kjøp av regionale flyruter(FOT).

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Eg vil først og fremst gjere klart at eg er opptatt av at Noreg skal ha eit godt og trygt flytilbod som kjem heile landet til gode. Dette gjeld uavhengig av om flyrutene er kommersielle eller underlagt FOT-ordninga. Når det er sagt, held eg fast på vurderinga om at rutene over Florø lufthamn kan drivast på kommersielt vilkår, trass i nedgangen i passasjertal på lufthamna det siste året.

Eg vil vidare vise til at kjøp av flyruter er eit unntak frå hovudregelen om fri marknadstilgang til flyruter i Noreg, og mellom Noreg og EØS-området. Kjøp skal berre skje dersom marknaden åleine ikkje gir eit tilfredsstillande flyrutetilbod, jf. Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1008/2008 av 24. september 2008 om feller regler for drift av lufttrafikk i Fellesskapet (heretter kalla Forordninga).

Ein gjennomgang av rutetilbodet på Florø lufthamn på Widerøe sine nettsider viser at Widerøe tilbyr fem turar til Bergen og fire turar frå Bergen etter 1. april 2016, mot høvesvis seks og fire i dag. På Florø – Oslo tilbyr dei fire turar til og frå Oslo etter 1. april 2016, mot fem turar til og frå Oslo i dag. Dette er i tråd med det vi forventa då vi valde å kommersialisere rutene. Frå min ståstad er dette eit tilbod som framleis sikrar det framtidige flytilbodet til næringslivet og innbyggjarane i regionen, og gjer det mogleg å ha møte i Oslo og Bergen og kome seg heim att same dag. Det same gjeld den motsette vegen.

Kommersialiseringa inneber at staten ikkje lenger set maksimalprisar på rutene på Florø. Ser ein med til dømes prisen på den kommersielle ruta Kristiansand – Oslo, er prisen for ein full fleksibel billett 2 399 kr i for reiser i april 2016. Dette er om lag det same som vert tilbydd på Oslo – Florø i april 2016 (2 598 kr). Frå Florø er det mogleg å få billettar for 699 kr mot Bergen og for 899 kr mot Oslo. I slutten av november var prisane høvesvis 350 og 450 kr. Dette viser at kommersialisering kan gi flyselskapa større moglegheit til å prisdifferensiere mellom kundane sine, og at det kan bli lettare å få plass på dei populære avgangane for reisande med større betalingsvilje, som for eksempel forretningsreisande.

Det må også nemnast at under FOT-ordninga får vinnaren av anbodet einerett på rutene. Ved å kommersialisere rutene opnar vi opp for konkurranse på rutene frå Florø, slik at andre flyselskap kan fly på rutene frå 1. april 2016, dersom dei ønskjer det.

Ut frå denne gjennomgangen ser eg ikkje at det er grunnlag for å gjere om på avgjerda om å ta rutene på Florø lufthamn ut av ordninga med statleg kjøp av regionale flyruter. Eg vil samtidig leggje til at når representanten Navarsete legger avgiftsauke som eit problem, så har eg merka meg at Senterpartiet på si side har stilt seg bak forslag som vil medføre store endringar i ordninga med Tax Free. Dagens ordning gjev Avinor inntekter relatert til Tax Free ordninga på opp mot 2,5 mrd. kr. Skulle man måtte kompensere for eit slikt inntektsbortfall ville behovet for auka avgifter truleg langt overstige flyseteavgifta som Stortinget har vedteke.