Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden avkrefte at grenseinspektørens påstand om at Noreg kunne stansa migrasjonsstraumen over Storskog langt tidlegare ved å endre ordlyden i informasjonsskrivet, og kan statsråden avkrefte at endringa regjeringa gjorde i ordlyden i informasjonsskrivet 24. november er likt det russiske styresmakter har tilrådd Noreg å skrive over lang tid?
Begrunnelse
10. november i NRK hevda Grenseinspektøren ved Grensekommissariatet at talet på asylsøkjarar som passerer grensa ved Storskog, ville vore langt lågare dersom teksten i eit brev var tydelegare utforma.
11. november spurde underteikna utanriksministeren om regjeringa ved ein tettare dialog med Russland kunne ha avverja den kritiske situasjonen me no har ved Storskog? Då svarte utanriksministeren at «jeg gjør nå alt for å forsøke å gjøre de riktige tingene, slik at man kan få stoppet denne tilstrømningen av asylsøkere».
Seinare same dag var underteikna i debatt med statssekretær i Justisdepartementet, der underteikna bad om å få klarlagt om Grenseinspektøren hadde rett i at ei anna utforming av informasjonsskrivet som vert levert til russisk grensevakt ville kunne medverka til å stanse migrasjonsstraumen over grensa ved Storskog. Her svara statssekretæren at å endre nokre bokstavar i eit brev neppe ville gjere noko endring.
Like fullt endra Justis- og beredskapsdepartementet ordlyden i informasjonsskrivet gjennom ein instruks gjeven 24. november. Etter dette ser migrasjonsstraumen over Storskog til å ha stoppa opp.
Under budsjettdebatten torsdag 10. desember rosa Høgre sin parlamentariske leiar utanriksministeren for «godt diplomatisk handverk», fordi det då hadde gått mange dagar sidan det hadde kome asylsøkjarar over Storskog.