Jenny Klinge (Sp): Kan statsråden i dag stadfeste at handteringa av Schengen si yttergrense i dag ikkje fungerer, og kan Noreg bli fråteken kontroll over handteringa av grensa til Russland?
Begrunnelse
Financial Times skriv 11. desember at EU-kommisjonen vil føreslå å erstatte dagens grensebyrå Frontex med ei ståande grense- og kystvakt. I følgje Financial Times skal denne kunne brukast på oppdrag frå Brussel i tilfelle der Schengen-landa sjølv ikkje klarer å handtere grensekontrollen - også i tilfelle der landa sjølv ikkje har bedt om noko ekstern innblanding i deira nasjonale grensehandtering.
I følgje Financial Times vil den nye grense- og kystvakta også kunne operere i Noreg, fordi Noreg er bunden av Schengen-avtalen.
Statsråd Helgesen lovar i følgje Aftenposten 15. desember ei «grundig nasjonal handsaming» av spørsmålet. Like fullt er statsråden sitert i same artikkel på at dette spørsmålet må handsamas raskt i EU, fordi «vi har ikke lang tid på å demonstrere at Schengen fungerer igjen».