Sveinung Rotevatn (V): Meiner statsråden at foreldrepengeordninga er i strid med EU sitt barselsdirektiv som også gjeld Noreg via EØS avtalen, og vil statsråden ta initiativ til at mor får sin eigen barselpermisjon før den felles, delbare foreldrepermisjonen tre i kraft?
Begrunnelse
I ein kronikk på heimesida til NRK 1. oktober d.d. kan vi lese at dagens foreldrepengeordning er i strid med pliktene våre gjennom EØS-avtalen.
I følgje EU sitt barseldirektiv og EU-domstolen sin praksis, skal ein eigen barselpermisjon vareta særlege behov hos mora og spedbarnet. Barselpermisjonen kan ikkje inngå som ein del av foreldrepermisjonen. Norsk rett og reglar for permisjon etter fødsel tilfredsstiller dermed ikkje dei EØS-rettslege pliktene våre. For å rette opp dette må Noreg innføre 14 ukers barselpermisjon for kvinna som har født, før foreldrepermisjonen som skal delast mellom mor og far startar. Danmark endra permisjonsordninga si i 2013. Det vil under dagens foreldrepengeordning vere enkelt å få til dette også i Noreg.