Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:379 (2015-2016) Innlevert: 18.12.2015 Sendt: 21.12.2015 Besvart: 06.01.2016 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale
Per Olaf Lundteigen (Sp): Mosjon for storfe i løsdrift – krav fra 1. jan. 2014, åpner for dispensasjon. Dispensasjon innebærer et unntak fra en pålagt plikt til å følge regelverket og skal forbeholdes de spesielle tilfellene, der det foreligger en særskilt grunn til at mosjonskravet ikke kan oppfylles, jf. § 28 i Veileder til forskrift om hold av storfe.Hvor mange bønder/foretak har søkt om dispensasjon i 2014 og 2015, og hvor mange fikk innvilget dispensasjon (foretak og melkekuer), og hva er viktigste grunn for dispensasjon?
Jon Georg Dale: Det er Mattilsynet som handsamar søknader om dispensasjon frå mosjonskravet. Eg har fått opplyst frå Mattilsynet at dei i 2014 og 2015 fekk totalt 66 søknader om dispensasjon. I 2014 kom det inn 32 søknader. 19 av desse blei innvilga. I 2015 kom det inn 34 søknader. Ein del av desse er ennå ikkje behandla, så det ligg ikkje føre endelege tal for innvilga og avslåtte søknader frå 2015. Til no er det gitt sju dispensasjonar. Mattilsynet registrerer ikkje systematisk størrelse på buskapen når dispensasjon blir gitt, men ein dispensasjon vil normalt omfatte alt storfe i buskapen.Dei fleste dispensasjonar er gjort tidsavgrensa i vente på naudsynte utbetringar for å kunne oppfylle krava i regelverket. Som døme på årsaker til tidsavgrensa dispensasjonar, nemner Mattilsynet flaum på beitemark, opparbeiding av myr til beiteområde, omgjering av båsfjøs til lausdrift før opparbeiding av nytt beiteområde og at det har vore naudsynt med meir tid for å få lagt til rette for mosjon når det gjeld bygningsmessige forhold ute og inne.Nokre fjøs er bygd før kravet om mosjon for storfe i lausdrift kom inn i forskrifta i 2004, og fjøset og omgivnadene er ikkje lagt til rette for mosjon av mjølkekyr. Fleire av søknadene i 2015 er frå same bønder/føretak som søkte i 2014. For desse har det vore ønske om meir tid til utbetringane.