Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:383 (2015-2016) Innlevert: 18.12.2015 Sendt: 21.12.2015 Besvart: 08.01.2016 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale
Geir Pollestad (Sp): Vil statsråden komme til Stortinget med forslag om opphevelse av konsesjonsloven eller vil de mange som protesterte mot den forrige landbruksministerens forslag om opphevelse av konsesjonsloven nå bli hørt?
Jon Georg Dale: Forslaget om å oppheva priskontrollen som nå ligg til handsaming i Stortinget, og forslaget om å oppheve konsesjonslova og buplikta, byggjer på Sundvolden-plattfomen. Forslaga gir uttrykk for regjeringa sine politiske mål om mindre regulering og større fridom for eigarane av landbrukseigedom.Oppheving av reglane kan føre til meir rasjonell og effektiv landbruksdrift. Eigedomsretten er viktig for regjeringa. Oppheving av priskontrollen vil gi private eigarar fridom til sjølv å bestemme kvar dei vil bu, det vil opne for ein friare omsetnad av landbrukseigedomar og leggje til rette for betre rekruttering til næringa og dessutan gi større moglegheiter for å få kjøpt tilleggsareal for aktive næringsutøvarar.Forslaget om å oppheve konsesjonslova har vore på ei brei høyring. Forslaget har nær samanheng med forslaget om å oppheve priskontrollen som Stortinget nå har til handsaming. Eg meiner det er naturleg å avvente Stortinget sitt syn på forslaget om å oppheve priskontrollen før regjeringa følgjer opp høyringsforslaget om å oppheve konsesjonsloven.