Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:393 (2015-2016)
Innlevert: 22.12.2015
Sendt: 22.12.2015
Besvart: 06.01.2016 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Hva er regjeringens mål for omdisponering i 2016 med utgangspunkt i Stortingets vedtak?

Begrunnelse

I jordvernstrategien vedtatt av Stortinget er det bestemt at omdisponeringen av matjord skal være under 4000 dekar innen 2020. Dette målet skal nås gradvis.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Nasjonal jordvernstrategi blei vedteken den 8. desember 2015, og regjeringa har ikkje fastsett noko eige mål for omdisponeringa av dyrka jord i 2016. Jordvernstrategien skal følgjast opp ved å gjennomføre dei fastsette tiltaka.

Eg tolkar Stortingets mål slik at den årlege omdisponeringa av dyrka jord skal reduserast gradvis frå nivået i 2014 (som er det hittil siste året med KOSTRA-tall) på ca. 5 700 dekar, ned til målet på 4 000 dekar i 2020.

Den årlege omdisponeringa av dyrka jord har dei siste åra vist ein fallande tendens, og var i 2013 den lågaste sidan registreringa byrja i 1976. I 2013 var omdisponeringa av dyrka jord for fyrste gongen under 6 000 dekar, noko som gjentok seg i 2014. Dei endelege tala frå KOSTRA for 2015 kjem ikkje før i juni 2016, noko som også gjer det vanskeleg å seie noko no om omdisponeringa i 2016. Det er elles viktig å peike på at det kan være fleire ulike årsaker til endringane i den registrerte omdisponeringa av dyrka jord gjennom KOSTRA.

Det er eit klart mål å redusere omdisponeringa i tråd med det fastsette nivået for 2020, men eg finn det mindre tenleg å sette eit konkret mål for kvart enkelt år.