Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden klargjere om og eventuelt korleis den norske delegasjonen arbeidde for å inkludere matsikkerheit og utfordringar knytta til dette tema i klimaavtala, og vil regjeringa eventuelt utarbeide ein strategi for korleis matvaresikkerheit kan bli integrert betre i norske posisjonar fram mot COP22?
Begrunnelse
Matsikkerheit er for første gong spesifikt akseptert og teke inn i ei global klimaavtale, sjølv om det berre vert referert til matsikkerheit i forteksten av avtala. I avtala står det at ein erkjenner
"the fundamental priority of safeguarding food security and ending hunger, and the particular vulnerabilities of food production systems to the impacts of climate change".
Det finst framleis ingen referanse til matsikkerheit i den operative delen av avtala.