Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:398 (2015-2016)
Innlevert: 05.01.2016
Sendt: 05.01.2016
Besvart: 12.01.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kva kriteriar vert lagde til grunn for den nye konsekvensutgreiinga for vegalternativa rv 52 Hemsedalsfjellet og rv 7 Hardangervidda, og kva kriteriar er eventuelt endra, lagde til eller tekne bort i høve Statens vegvesen si aust-vest-utgreiing som vart lagt fram på høgfjellskonferansen på Gol 26. oktober 2015?

Begrunnelse

18. desember kunngjorde samferdselsministeren at E134 skal vere ein hovudveg mellom aust- og vest-Noreg. Ut frå resultata i Statens Vegvesen si utgreiing om aust-vest-samband der rv 52 over Hemsedalsfjellet kom svært godt ut, var det venta at dette sambandet ville bli utpeika som den andre hovudvegen. Slik gjekk det ikkje. I staden er det sett i verk ei ny konsekvensutgreiing av rv 52 Hemsedalsfjellet og rv 7 Hardangervidda.
Det er svært viktig for vestlandet at ein held fast på grunnlaget for den førre utgreiinga om at dei utpeika hovudvegane skal vere vegar mellom Austlandet og Vestlandet (ikkje berre Oslo-Bergen), og ei tydeleg vektlegging av samfunnsnytte sett i dette breie perspektivet.
Dei to fjellovergangane tener dels ulike og dels overlappande regionar. Medan Lærdalstunnellen har gjort det enkelt for næringstransportar og anna trafikk å krysse fjellet via E16 eller rv 52, vil dei fleste sjå det som ein håplaus omveg dersom trafikken frå Sunnmøre og Sogn og Fjordane skulle ta vegen til Voss og vidare austover via rv 7 Hardangervidda.
I Statens Vegvesen si aust-vest-utgreiing er også ferjefritt samband på rv 5 lagt inn, og er med og gjer alternativet over rv 7 Hemsadalsfjellet til ei særs samfunnsøkonomisk god løysing.
Det er viktig for arbeidet vidare at kriteriane for den nye utgreiinga er kjend.
Det var ikkje tydeleg på pressekonferansen den 18. desember kva desse kriteriane er og om dei er endra frå førre utgreiing.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: På grunnlag av drøftingar i regjeringa tek Samferdselsdepartementet sikte på å leggje fram ei prioritering av trasé for aust-vestvegsamband i Nasjonal transportplan 2018-2029. Det blir lagt til grunn i det vidare arbeidet at E134 vil vere eit av hovudvegsambanda mellom Austlandet og Vestlandet.
Departementet går inn for å prioritere to vegsamband. Før regjeringa tek stilling til kva samband som skal vere det andre prioriterte, er det behov for ei grundigare utgreiing av alternativa rv 7 over Hardangervidda og rv 52 over Hemsedal. Derfor gir vi Statens vegvesen i oppdrag å gjennomføre ein KVU for dei to alternativa mellom Gol og Voss.
Statens vegvesen si gjennomførte utgreiing om aust-vest-samband var på eit meir overordna nivå enn ein KVU. Ved å gjennomføre ein KVU blir det mogleg for Statens vegvesen å vurdere konsekvensane av dei to alternativa meir grundig enn i tidlegere utgreiing. For eksempel kan alternative løysningar analyserast grundigare med tanke på nytte og kostnader og andre verknader som er viktige for samfunnet. Samferdselsdepartementet vil om kort tid oversende eit oppdragsbrev til vegvesenet. I hovudsak vil KVU-arbeidet byggje på dei same måla og kriteria som er lagt til grunn i Statens vegvesen si aust-vest-utgreiing.