Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:402 (2015-2016)
Innlevert: 07.01.2016
Sendt: 08.01.2016
Besvart: 18.01.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kor mykje bompengar har blitt kravd inn frå bilistar og næringsliv i 2015?

Begrunnelse

Dersom det ikkje ligg føre endeleg tal er det ynskjeleg med dei siste prognosane som ligg føre for bompengeinnkrevjing i 2015.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Førebelse resultat for 2015 frå alle bompengeselskapa vil først liggje føre i slutten av mars 2016. Bompengeselskapa skil ikkje mellom inntekter frå private køyretøy og køyretøy i næring.