Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:406 (2015-2016)
Innlevert: 08.01.2016
Sendt: 11.01.2016
Besvart: 18.01.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kva er status for prosjektet Grindgut?

Begrunnelse

Det er ynskeleg å få greie på status for framdrift i prosjektet, forventa kostnad og kven som får rekninga for prosjektet.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Avtalen med leverandøren IBM vart heva av Statens vegvesen 27. juli 2015 grunna misleghald. Prosjektet er derfor avslutta utan leveranse.
Statens vegvesen har fremma krav om erstatning, halde tilbake betaling og varsla rettslege skritt. IBM har tilsvarande varsla motkrav. Det endelege svaret på kva kostnaden blir, må truleg avvente behandling i rettssystemet.
Kostnadene for prosjektet så langt er dekka med bompengar ved at utgiftene er fakturerte bompengeselskapa.