Skriftlig spørsmål fra Bård Vegar Solhjell (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:415 (2015-2016)
Innlevert: 11.01.2016
Sendt: 12.01.2016
Besvart: 19.01.2016 av utenriksminister Børge Brende

Bård Vegar Solhjell (SV)

Spørsmål

Bård Vegar Solhjell (SV): I ein fleirtallsmerknad i Innst. 296 S (2014-2015) står det: 'Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Høyre og Fremskrittspartiet, vil fremheve at Norge må innta en pådriverrolle i det videre arbeidet med å skape en prosess bygget på balansert nedrustning, ikke ensidige tiltak og med det langsiktige mål å lage et juridisk rammeverk som innebærer et forbud mot atomvåpen.' Det same fleirtalet meiner også Noreg bør '[...] arbeide langsiktig for et forbud mot slike våpen.'
Følgjer regjeringa opp denne merknaden?

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Fleirtalsmerknaden i Innst. 296 S (2014-2015) anerkjenner at ei balansert nedrusting og ikkje-spreiing er naudsynt, og seier følgjande:

«Norge må spille en aktiv rolle som pådriver i det internasjonale arbeidet mot spredning av atomvåpen og arbeide langsiktig for et forbud mot slike våpen» og «I det videre arbeidet må det skapes mer effektiv framdrift for en prosess bygget på balansert nedrustning, ikke ensidige tiltak og med det langsiktige mål å lage et juridisk rammeverk som forbyr atomvåpen.»

Noreg følgjer opp desse fleirtalsmerknadane på fleire arenaer. Den norske hjelpa til gjennomføringa av den historiske atomavtalen med Iran er eit godt døme på slik nedrustings- og ikkje-spreiingsarbeid i praksis. Noreg medverka i desember til å finansiere og transportere naturleg uran til Iran, slik at dei overskytande mengdene med opprika uran i landet vart erstatta. Dermed kunne forpliktingane i avtalen stå ved lag. Operasjonen var avgjerande for gjennomføringa av avtalen. Det at vi vart bedne om å støtte er ei anerkjenning av Noreg som ein solid og truverdig partnar innanfor kjernefysisk ikkje-spreiing og nedrusting internasjonalt.
Eit anna døme på konstruktivt nedrustingsarbeid er innsatsen for verifikasjon av nedrusting. Noreg har gjennom fleire år arbeidd tett med Storbritannia om slik verifikasjon, og dette samarbeidet held fram. Sist haust var Noreg vertskap for det internasjonale partnarskapet for verifikasjon. Dette arbeidet samlar både kjernevåpenstatar og ikkje-kjernevåpenstatar, og legg eit viktig grunnlag for framtidige kutt i kjernefysiske arsenal.
Noreg har òg ein leiande plass i det internasjonale samarbeidet om kjernefysisk tryggleik gjennom Nuclear Security Summit-prosessen. Initiativet vårt for å minimere høgopprika uran haustar anerkjenning, og det same gjer den omfattande innsatsen vår for å sikre ukrainske kjernekraftverk.
Seinare i vinter vil Noreg leie arbeidet i Nedrustingskonferansen (CD) i Genève. Noreg arbeider for ein avtale som vil forby framstilling av spaltbart materiale for våpenføremål, og for å få bygd ned dei eksisterande lagra. I år er det 20 år sidan prøvestansavtalen vart endeleg forhandla fram. Noreg er eit leiande land når det gjeld å fremje avtalen, og for at han må ta til å gjelde.
Regjeringa arbeider systematisk for å nå målet om ei verd som er fri for kjernevåpen. Her må vi arbeide konkret, langsiktig og langs fleire spor. Ein konvensjon mot kjernevåpen er først aktuelt etter ei gjensidig, irreversibel og verifiserbar nedrusting. Å fjerne kjernevåpen vil ta tid. Det finst ingen snarvegar gjennom ein forhasta konvensjon eller eit forbod. Ein slik politikk verkar polariserande, vil kunne undergrave ikkje-spreiingsavtalen (NPT) og føre til større uvisse. Eit forbod slik enkelte resolusjonar i FN tok til orde for, ville til dømes heller ikkje ha hindra den nordkoreanske prøvesprenginga 6. januar.