Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:454 (2015-2016)
Innlevert: 20.01.2016
Sendt: 21.01.2016
Besvart: 27.01.2016 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Landbruks- og matdepartementet fastsette 30/6-15 endringar i avløysingsforskrifta der øvre aldersgrense på 70 år for å ha rett på tilskot til avløysing ved sjukdom vart ført inn att. Endringane med verknad frå 1/1-15 var ikkje meint å innebera materielle endringar i vilkåra for tilskot til avløysing ved sjukdom.
Ser statsråden likevel at gardbrukarar ved sjukdom er i ein annan situasjon enn lønstakarar sidan gardbrukarar får auka utgifter og ikkje berre misser inntekt?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg vil presisere at det er ein grunnleggande skilnad mellom lønstakarar og gardbrukarar, fordi gardbrukarar som sjølvstendige næringsdrivande får inntekta frå overskotet i verksemda si. Ved å ha ei ordning som dekkjer utgifter til avløysing ved sjukdom hos bønder, vert bonden kompensert for dei utgifter han har til avløysing samstundes som drifta genererer inntekter. Det er difor ikkje rett å seie at gardbrukarar både får auka utgifter og lågare inntekt ved sjukdom.
For avtalepartane har det likevel vore intensjonen med tilskotet at ein skulle setje gardbrukarar i ei liknande stilling som arbeidstakarar som tek imot sjukepengar frå første sjukedag frå NAV. I folketrygdlova er det fastsatt at ein ikkje kan gje sjukepengar til medlemer i folketrygda som har fylt 70 år. Både lønstakarar og gardbrukarar får då alderspensjon frå folketrygda. Dei to gruppene er dermed prinsipielt sett i same stilling som dei var før fylte 70.
Det kan tildelas tilskot til avløysing ved sjukdom dersom den personen som det vert søkt tilskot for avløysing av, er yngre enn 70 år og sjukemeldt frå arbeid i jordbruksføretaket. Det er rett at dette alderskravet vart teken ut av forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel med verknad frå 1. januar 2015. Dette var ein feil som blei retta opp seinare i 2015 av di ein her gjekk lengre enn det ein gjer i folketrygdlova når det gjeld sjukepengar til medlemer i folketrygda som har fylt 70 år.
Bønder som sjølvstendig næringsdrivande har moglegheit til å jobbe så lenge dei ønskjer og det er ikkje nokon aldersgrense for å ta imot for eksempel produksjonstilskot og pristilskot. Desse tilskota er retta mot føretaket og ikkje personen, slik som tilskot ti1 avløysing ved sjukdom.