Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden sørgje for å informere Stortinget om kor vidt kutta i ambulanseberedskapen i Helse Bergen har gått ut over liv og helse, og vil statsråden be Helse Vest RHF om å gjere ei ny vurdering av ambulansetilbodet i Helse Bergen sitt ansvarsområde?
Begrunnelse
Viser til oppslag i Bergens Tidende den 7.februar. To veker etter at nattambulansen blei fjerna frå Granvin den 11.januar i år, døde ein pasient som måtte vente tre gongar så lenge på akutthjelp enn tilfelle var før ambulansen var fjerna. Luftambulansen kunne ikkje fly frå Bergen på grunn av dårleg vær. First responder frå det frivillige brannvesenet var den fyrste til plassen. I svar på skriftleg spørsmål, dokument nr.15:403 (2015-2016), skriv statsråden at det i følgje Helse Vest RHF er snakk om mindre justeringar av ambulansetilbodet, og at Helse Bergen vil følgje nøye med på utviklinga innanfor dei prehospitale tenestene gjennom året, og vil gjere tilpassingar dersom det viser seg å vere behov for det.
Mange er vel uenige i at dette kun er snakk om mindre justeringar og er utrygge for kva hjelp ein får ved akutt sjukdom, spesielt på nattetid.