Skriftlig spørsmål fra Janne Sjelmo Nordås (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:595 (2015-2016)
Innlevert: 12.02.2016
Sendt: 12.02.2016
Besvart: 19.02.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Janne Sjelmo Nordås (Sp)

Spørsmål

Janne Sjelmo Nordås (Sp): Vil statsråden syte for at Statens vegvesen no legg planar for utbetring av begge dei to «flaskehalsane» på strekninga Byrkjelo-Sandane (Gullkista og Jarbrugda), slik Stortinget har bede om?

Begrunnelse

På vegstrekninga Byrkjelo-Sandane ligg dei to «flaskehalsane» Gullkista og Jarbrugda. Begge farlege, og begge er strekningar på nokre få hundre meter. Dei ligg vidare berre ca. 2 km frå kvarandre.
Lokalt har ein rekna det som sjølvsagt at desse to flaskehalsane gjekk inn i arbeidet med oppfylginga av denne samstemte merknaden i budsjettinnstillinga frå Transportkomiteen hausten 2015 (Innst. 13 S – 2015–2016):
Komiteen har merket seg behovet for utbedring av strekningen Sandane–Byrkjelo på E39. Komiteen ber regjeringen arbeide for at planarbeidet ferdigstilles slik at utbedringen av flaskehalser kan igangsettes. Komiteen ber regjeringen vurdere å prioritere midler til planlegging av prosjektet.
Lokalt har ein no fått informasjon om at Statens vegvesen har tatt avgjerd om å planlegge utbetring av berre den eine av dei to flaskehalsen, Gullkista. Om dette stemmer, vil det no bli slik at Statens vegvesen utbetrar ein flaskehals, før trafikantane 2 km lengre fram i vegen møter ein ny og like stygg flaskehals – som ikkje vert utbetra.
Dette er for alle praktiske formål ei særs dårleg løysing, korkje i tråd med Stortinget sin intensjon eller i fastsett politikk om meir heilskapeleg vegutbygging.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Eg har i tildelingsbrevet til Statens vegvesen for 2016 av 19. januar 2016 bedt om at transport- og kommunikasjonskomiteen sin merknad knytt til E39 på strekninga Byrkjelo - Sandane blir vurdert. Vidare har eg bedt om å få ei tilbakemelding på korleis denne kan følgjast opp.
Eg ventar tilbakemelding på dette i Statens vegvesen sin tertialrapport per 30. april 2016. Eg har likevel alt fått opplyst at det i 2016 er sett av midlar med sikte på å starte planlegging for begge dei to flaskehalsane som representanten Nordås omtalar.