Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:660 (2015-2016)
Innlevert: 23.02.2016
Sendt: 23.02.2016
Besvart: 02.03.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Det er stort behov for rask avklaring av bypakken i Ålesund, for å kunne kome i gang med å betre samferdselsløysingane i byen. Difor er det frustrerande for lokalpolitikarane at statsråden først sette foten ned i 2015 for det opphavlege bypakkeframlegget, og no let Ålesund vente i fleire månadar på tilbakemelding på ny tverrpolitisk bypakkeløysing.
Kvifor tek det så lang tid å gje ei tilbakemelding på bypakken, og når kan Ålesund forvente svar frå statsråden?

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Eg er kjent med at Ålesund kommune har arbeidd vidare med ei bypakke for Ålesund basert på dei signala som vart gitt i møte med kommunen i juni 2015, og i brev frå Samferdsesledepartementet av 26. august 2015. Det vart her mellom anna understreka at fram til neste rullering av Nasjonal transportplan må prioriteringane i Nasjonal transportplan for perioden 2014-2023 leggjast til grunn.

Det ligg føre KVU for Bypakke Ålesund, og KS1 er gjennomført. KVU Ålesund ligg fortsatt til behandling i departementet. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til val av konsept for vidare planlegging av bypakken så snart det ligg føre ei avklaring. Etter mitt syn bør den endelege behandlinga av ei bypakke for Ålesund byggje på prioriteringane i Nasjonal transportplan for perioden 2018-2029. Denne skal som kjent leggjast fram tidleg i 2017.