Bård Vegar Solhjell (SV): Fleire framståande akademikarar ved universiteta våre mistar ved fylte 70 år retten til å undervise og søke på forskingsmidlar, som følgje av lov om aldersgrense for offentlege tenestemenn. Denne opnar imidlertid for unnatak.
Kva vil statsråden gjere for å sikre at akademikarar som sit på viktig fagkunnskap kan halde fram med å forske og undervise også etter fylte 70 år?
Begrunnelse
Denne problemstillinga er stadig aktuell, og kan gjelde stadig fleire. I Noreg aukar levealderen. Svært mange norske akademikarar er spreke og produktive når dei er 70 år. Andre sit på viktig og unik kunnskap, eller er blitt populære og dyktige til å undervise. Det er openbart naudsynt med ny rekruttering, men det er også sterke argument for at ein skal kunne bidra etter fylte 70 år. Det burde vera mogeleg å nytte unntaka i lova i større grad. Eg vil gjerne høyre om statsråden og departementet, som eigar av institusjonane, vil foreta seg noko for å sikre dette.