Skriftlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:730 (2015-2016)
Innlevert: 09.03.2016
Sendt: 10.03.2016
Besvart: 16.03.2016 av fiskeriminister Per Sandberg

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Er det innanfor mandatet til Eidesenutvalet, dersom ein ønskjer å endre deltakerlova slik at også industrien eller andre enn aktive fiskarar kan eige båt og kvote?

Begrunnelse

Eg viser til spørjetimespørsmål den 10. februar som ikkje vart besvart. Der vart det frå underteikna vist til at i fiskeribladetfiskaren kunne vi lesa: Utvalsleiar Eidesen har «invitert til diskusjon om hvorvidt andre næringsinteresser og utøvere enn dagens, bør få innpass i en sjømatnæring som har planer om å spille en stadig større og viktigere rolle i framtida»
– altså andre næringsinteresser og utøvarar enn dagens. Då er det nærliggande å tru at det er endringar i deltakerlova ein ser før seg. Det ville vore fint å få klarlagt om dette evt. er innanfor mandatet til Eidesenutvalet.

Per Sandberg (FrP)

Svar

Per Sandberg: Dei siste 30 åra har det skjedd ei utvikling frå tilnærma fritt fiske til ei gjennomregulert næring med kvoter og restriksjoner på kven som kan delta i fisket og korleis fisket skal foregå. Totalkvoten av ulike fiskeslag vert delt mellom fartøygrupper, og ulike konsesjons- og deltakargrupper vert tildelt kvoter under bestemte vilkår. Vi har 15 ulike konsesjonstypar i havfiskeflåten, i tillegg til elleve adgangsbegrensa fiskeri i kystflåten. Totalt er det omlag 20 kvoteregulerte fiskeslag. Slik regulering er viktig ut i frå både ressurs- og samfunnsomsyn. Den må likevel tilpassast utviklinga, om ikkje risikerer vi at næringen vert låst fast i ein lite framtidsretta struktur.
Strukturkvotesystemet vart innført for i større grad å kunne tilpasse flåten til ressursgrunnlaget. Strukturkvoteordninga har lagt til rette for bedre lønnsemd i fiskeflåten og har bidrege til fornying av flåten.
Vi har eit kvotesystem som er stabilt og føreseielig, men samstundes er det lite fleksibelt og det gir begrensa rom for individuell tilpasning. Sjølv om strukturkvoteordninga har ein viktig funksjon, ser vi at også denne ordningen ytterligere sementerer dei ulike gruppene og gir stadig mindre fleksibilitet innad i og mellom grupper.
Mandatet til Eidesenutvalet er å sjå på korleis kvotesystemet bør innrettast for framtida. Korleis kvotesystemet skal vere innretta er uavhengig av kven som måtte eige båten.
Endringar i aktivitetskravet i deltakarlova er derfor ikkje ein del av mandatet til utvalet.