Skriftlig spørsmål fra Bård Vegar Solhjell (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:765 (2015-2016)
Innlevert: 16.03.2016
Sendt: 16.03.2016
Besvart: 01.04.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Bård Vegar Solhjell (SV)

Spørsmål

Bård Vegar Solhjell (SV): Noreg eig domenenamna .sv (Svalbard) og .bv (Bouvetøya) i tillegg til .no. Av frigjevne dokument etter ei innsynsbegjæring går det fram at UNINETT Norid as har inngått ein intensjonsavtale med nederlandske SIDN med sikte på å irreversibelt overføre .bv til ein nederlandsk organisasjon.
Kan samferdsleministeren gjere greie for saksgongen så langt samt kvar saka står i dag, og vil han legge til rette for ei offentleg høyring før politisk vedtak blir fatta i denne saka?

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: La meg fyrst seie at eg ynskjer så mykje Internettverksemd og -innovasjon som mogleg i Noreg. Spørsmålet er korleis .bv kan nyttast til beste for dette målet, utan å koma i strid med ynskje om å sikre stabilitet og fortsatt vekst for det nasjonale landkodetoppdomenet .no, og til tilliten til .no, som eit av verdas sikraste toppdomene.

Det har tidlegare vore lufta om .bv kan brukast til å etablere soner på Internett med eigne krav, regler og vilkår for lagring av data. Eg viser til mitt svar 10. oktober 2014 på spørsmål frå representanten Solhjell om dette, og til kvifor ein slik bruk kan ha negative sider.

Norid vurderer no moglegheita for å ta i bruk toppdomenet .bv i den nederlandske marknaden fordi bv på nederlandsk tyder as og difor kan ha ein større interesse enn i Noreg. Nederland er ein viktig del av den globale internett-infrastrukturen og har mange av dei viktige koplingane mellom europeiske nett og globale fiberlinjer. Nederlandske styresmakter og registereininga SIDN er derfor særs interessante samarbeidspartnarar i arbeidet med å få meir internettaktivitet til Noreg. Eit samarbeid mellom dei to nasjonale registereiningane om drift av eit toppdomene vil óg kunne vere eit interessant og innovativt prosjekt i europeisk samanheng.

Nkom mottok brev frå Norid i februar 2014, med spørsmål knytt til føresegner i domeneforskrifta. Nkom svarte i brev i august 2014. Norid har i tida etter vore i forhandlingar med SIDN. Nkom er ikkje del av disse forhandlingane. Den 1. oktober 2015 mottok Nkom endeleg søknad om dispensasjon frå domeneforskrifta. Av søknaden går det fram at forhandlingane mellom Norid og SIDN ikkje er avslutta, då dei ventar på ein dispensasjon frå Nkom. Dispensasjonssøknaden er pr. dags dato ikkje ferdigbehandla av Nkom. Dispensasjonssøknaden inneheld forretningssensitiv informasjon og er ikkje eigna til ei open høyring.

Departementet er blitt kontakta av miljø som ynskjer annan bruk av .bv enn å leige ut domenet til SIDN, og har invitert dei til møte for å diskutere saka.