Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til barne- og likestillingsministeren

Dokument nr. 15:783 (2015-2016)
Innlevert: 18.03.2016
Sendt: 18.03.2016
Besvart: 01.04.2016 av barne- og likestillingsminister Solveig Horne

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kan statsråden garantere at den planlagde daglegvareportalen vert utvikla i tråd med Stortingets intensjonar?

Begrunnelse

For Stortingsfleirtalet var det ei føresetnad at dagligvareportalen ikkje skulle bli berre ein prisportal. I Innst153s ( 2014-2015) vektla komiteens fleirtal at daglegvareportalen, saman med ei betre merkeordning, vil gjere det enklare for forbrukarane å gjere opplyste val basert på kriteriar som kvalitet, innhald, pris, dyrevern og miljøomsyn. Fleirtalet viste og til at ein daglegvareportal kan føre til ei auka marknadsadgang for småskala-aktørar som i dag ikkje sel sine produkt i daglegvarekjedane.

I rapporten Dagligvareportal og kvalitet stiller Statens institutt for forbruksforskning (SIFO) spørsmål om i kva grad dei føreslåtte løysingane frå Forbrukerrådet er i stand til å ivareta intensjonane. SIFO peikar mellom anna på portalens ambisjon om at forbrukaren skal kunne samanlikne produkt også ut frå ulike kvalitetar. Samstundes har dei peika på ei rekkje problem med omsyn til kvalitet, som følgje av portalens fokus på pris. SIFO meiner sjølv at desse utfordringane er å sjå som varsellampar.

Solveig Horne (FrP)

Svar

Solveig Horne: Stortingets intensjon med ein daglegvareportal, uttrykt gjennom Innst. 153 S (2014-2015) er vidfemnande. Som det vert vist til i grunngjevinga for spørsmålet, er målet mellom anna å hjelpe forbrukarane til å gjere meir opplyste val, ut frå kriterium som kvalitet, innhald, pris, dyrevern og miljøomsyn. Vidare vert det sagt at ein portal bør vere open for småskalaprodusentar, slik at desse òg kan marknadsføre produkta sine.

Alt dette er lagt til grunn i forprosjektet som Forbrukarrådet gjennomførte for departementet hausten 2015. Forprosjektet drøfta kva for konkrete føresetnader som bør gjelde ved utvikling av ein daglegvareportal. Materialet er publisert på Forbrukarrådets nettside. (Fotnote 1) Departementet er no i ferd med å utvikle mandat for det vidare arbeidet, på grunnlag av Forbrukarrådets rapport.

Vi legg opp til at portalen skal innehalde eit breitt spekter av opplysningar. I utgangspunktet må dette avgrensast til informasjonen som allereie finst om produkta i bransjens register, og fortrinnsvis informasjon som det er obligatorisk (lovpålagt) å opplyse om. Dette vil gjelde for eksempel innhaldsdeklarasjon på ferdigpakka næringsmiddel, opphavssted for enkelte kjøttprodukt, etc. Vi tar òg sikte på at portalen skal informere om eventuelle offisielle forbrukarretta merke på produkta, for eksempel miljømerka Svanen og EU Ecolabel, og økologimerket Debio.

Vi er òg oppmerksame på problemstillinga som vert reist i SIFOs Oppdragsrapport nr. 4-2015 "Dagligvareportalen og kvalitet", utarbeidd for Virke Dagligvare og Dagligvareleverandørenes forening. Rapporten peiker på at eit for sterkt prisfokus kan føre til mindre konkurranse på andre aspekt, som kvalitet og utval. Men det vil vere krevjande å stille opp objektive kriterium for kvalitet, for eksempel for matvarer. Forbrukarrådet omtaler dette i den nemnde rapporten til departementet, i det dei viser til SIFOs drøfting:

Det er hensiktsmessig om bransjen forenes om ytterligere merkeordninger eller andre standardiserte betegnelser om kvalitet. Forbrukerrådet er positive til at bransjen selv oppretter et samarbeidsutvalg som ser på om det er mulig å standardisere flere forhold om kvalitet, og på bakgrunn av dette kan komme med anbefalinger til dagligvareportalen.

Eg vil følge opp Stortingets intensjon på best mogeleg måte ved etablering av daglegvareportalen. Stortinget har òg sagt at portalen skal vere ferdig til lansering allereie i 2016, og saka er kompleks. Dersom vi med den første versjonen ikkje skulle dekke alle aspekt, så vil det vere mogeleg å vidareutvikle løysinga etter kvart.



------------------------------------

Fotnote 1:

http://fbrno.climg.no/wp-content/uploads/2015/12/Utvikling-av-en-dagligvareportal-fase-1.pdf