Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:806 (2015-2016)
Innlevert: 29.03.2016
Sendt: 30.03.2016
Besvart: 06.04.2016 av kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Beredskapsutfordringane for Stranda og kommunane rundt er unike i norsk samanheng. Det er stor fare for at det ustabile fjellpartiet ved Åknes kjem til å rase, noko som vil få katastrofale følgjer.
Ser statsråden behovet for ein ekstraordinær statleg innsats og garanti for å redusere dei økonomiske konsekvensane for særleg Stranda kommune knytt til langvarig og gjentatt evakuering, beredskap og sikringstiltak, eller meiner statsråden at kommunane må bere dette ansvaret åleine?

Begrunnelse

Nye og oppdaterte prognoser viser at når raset går vil det utløyse ei flodbølgje med ei bølgjehøgd på over 80 meter, og evakueringssonene må utvidast frå sonene i gjeldande beredskapsplanar. Det tyder mellom anna at kommunane no får problem med å finne trygge lokalitetar til evakuering.
Det vil vere økonomisk svært utfordrande for desse kommunane å handtere utgiftene ved langvarig og gjentatt evakuering av heile lokalsamfunn slik det her kan bli tale om. Sjølv om staten etter søknad ofte tek ein del av rekninga ved naturskadar, er det her tale om ein heilt unik situasjon der heile lokalsamfunn vil bli avstengde ved heving av beredskapsnivået, og utsletta og raserte når raset går.
Spørsmålet er om statsråden meiner denne situasjonen er så unik i nasjonal samanheng at det kan vere mogleg for staten å stille opp med ekstraordinær bistand når det blir aktuelt og garantiar (utover allereie finansiert overvaking av fjellpartiet), som reduserer konsekvensane av raset, syt for deling av utgifter til evakuering, risikoreduksjon gjennom bistand til flytting av prekær infrastruktur og så vidare.

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Eit ras frå Åkneset vil få store følgjer for alle lokalsamfunna rundt Storfjorden. Stranda kommune er ein av desse kommunane. Det er praksis i Noreg for at storsamfunnet stiller opp når lokalsamfunn blir råka av ei uvanleg stor hending. Om ei evakuering blir nødvendig, så vil staten vurdere korleis ein best kan hjelpe lokalsamfunna som blir råka.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet set årleg av delar av skjønsmidlane for å kunne kompensere kommunar som får ekstraordinære utgifter. Flaumen på Vestlandet hausten 2014 er eit døme på at skjønsmidlar har blitt brukt for å kompensere kommunane.
Staten er allereie ansvarleg for finansieringa av overvakinga av Åknes. Frå 1. januar 2015 overtok Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) fjellskredovervakinga i Noreg. NVE overvaker fire ustabile høgrisikoobjekt og melder faregradsnivå til beredskapsmyndigheitene. Åkneset er eit av desse objekta. Bakgrunnen for at regjeringa ønskte ei statleg overtaking, var at staten ville bidra med effektiv og god overvaking der utfordringane blei for store for kommunar med slik problematikk. Dette sikrar og at kompetansen som finst på dette fagfeltet kan nyttast nasjonalt.
Det er framleis eit kommunalt ansvar å utarbeide lokale beredskapsplanar og sørgje for ei fungerande varsling lokalt. Det er viktig at samfunna som er i faresona utarbeider gode planar for evakuering, og planar for korleis kommunen kan tilby innbyggjarane dei nødvendige tenestene i ein evakueringsperiode.