Jenny Klinge (Sp): Kan justisministeren gjera greie for kva slags nasjonale føringar som føreligg for prioritering av etterforsking, og kan statsråden gjera greie for om det føreligg liknande prioriteringslister som hos politidistrikt Vest hos dei andre politidistrikta, samt eventuelt innhaldet i desse?
Begrunnelse
NRK har gjennom «Brennpunkt» og ei rekkje nyheitssaker avslørt at politiet i Hordaland ikkje prioriterer lovbrot som ikkje fører til store verditap eller personskadar. Dette betyr i praksis at vanleg vinningskriminalitet som folk opplever i kvardagen ikkje er ein del av prioriteringa til politiet. Dette er noke Senterpartiet reagerer på, fordi vi meiner at også kvardagskriminaliteten må følgjast opp for at folk skal kjenne seg trygge i heile landet. I samband med dette ønskjer eg at statsråden gjer greie for kva slags nasjonale føringar som ligg føre for prioritering av etterforskningsressursar, og eg ønskjer å vita om det finst tilsvarande prioriteringslister som hos politidistrikt Vest i dei andre politidistrikta. Dersom det føreligg slike lister, er det å forvente at statsråden presenterer desse.