Liv Signe Navarsete (Sp): Vil statsråden vurdere å gje det norske regelrådet eit oppdrag i tråd med det danske implementeringsrådet?
Begrunnelse
I EU/EØS-nytt frå 17. mars kjem det fram at det danske implementeringsrådet har kome med 21 forslag til den danske regjeringa om korleis ho kan forhindre at EU-reglar vert overimplementert i nasjonalt lovgjeving. For mykje implementering av EU-reglar kan gje Danmark meir kostnadar og byrder enn naudsynt.
EU/EØS-nytt viser til at rådet mellom anna ber regjeringa fjerne barrierar som er til hinder for at Danmark blir «ein sterk, maritim flaggstat», og nemner Noreg mellom fleire land som det er naturleg å samanlikne seg med. Rådet etterlyser også enklare arbeidsmiljøregulering knytt til kjemikaliar, og viser til Noregs revisjon og forenkling av arbeidsmiljøforskriftene.
Implementeringsrådet blei nedsett av den danske regjeringa i desember. Folketinget vedtok i fjor eit lovforslag om meir openheit rundt implementeringa av EU- lovgjeving i dansk lov. I debatten viste ein mellom anna til at dei aller fleste EU-reglane blei innført gjennom forskrifter.