Janne Sjelmo Nordås (Sp): Kva vil statsråden gjere for at omtala transport vert definert som transport som ikkje er omfatta av Yrkessjåførforskrifta sin definisjon av «transport mot vederlag», og at transporten vert definert som ein transporttype som fell inn under unnataket i yrkessjåførforskrifta § 1. e)?
Begrunnelse
Dei fleste produsentar i norsk gartneri- og hagebruksnæring har transport som ein del av sitt daglige virke. De eig lastebil/kjøretøy sjølv, og fraktar planter og innsatsmidler som ein del av arbeidet med produksjonen, og også tidvis ferdigvarer frå eigen produksjon.
Yrkessjåførforskrifta sin § 1, som omhandlar verkeområde, innleiar med at forskrifta handlar om transport «mot vederlag». I tillegg angir den unntak, der lyder Forskrifta: ..."Gjelder ikke for fører av kjøretøy" ... § 1e) «som benyttes til frakt av materiell eller utstyr som skal brukes i forbindelse med utøvelse av yrke, forutsatt at det å føre kjøretøyet ikke er personens hovedaktivitet.»
Transporten gartnarane her utfører er produksjonsrelatert, og utgjer berre ein liten del av produsentane sitt daglige virke. Transporten bør derfor ikkje vera omfatta av Yrkessjåførforskrifta. Dagens tolkning av regelverket gjer at alle desse gartnarane og bøndene i dag vert ansett som yrkessjåførar. Dette er lite hensiktsmessig, og ein vesentlig belastning for bransjen. I fleire EU-land er praksisen ein anna, og transport som er
atert til eigen produksjon er heller ikkje ansett som «mot vederlag».
Senterpartiet meiner lovverk og forskrift er tydeleg nok, men at praktiseringa ikkje er i samsvar med dette.