Kjersti Toppe (Sp): Vil regjeringa sørgje for å opprette nasjonale tilbod om tverrfagleg behandlingsopplegg for folk som har opplevd mobbing på jobben, konfliktar med sjefen eller konfliktar etter varsling, slik klinikken Jobbfast ved Haukeland Universitetssjukehus har tilbod om i dag?
Begrunnelse
Jobbfast ved Haukeland Universitetssjukehus tilbyr eit tverrfagleg behandlingsopplegg for folk som har opplevd mobbing på jobben, konfliktar med sjefen eller konfliktar etter varsling. Klinikken har kapasitet til 42 pasientar i året og har no måtte avvise fleire pasientar frå heile landet. Ventelistene er lange.