Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:844 (2015-2016)
Innlevert: 04.04.2016
Sendt: 04.04.2016
Besvart: 11.04.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kva er status i arbeidet med å oppretta nye regionale bompengeselskap?

Begrunnelse

I spørretimen 30. mars 2016 synte finansminister Siv Jensen til samferdselsministeren for detaljer om saka.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Det er riktig av finansministeren å vise til Samferdselsdepartementet i arbeidet med bompengereform. Målsetninga i arbeidet er å redusere bompengebelastninga for bilistane, og ved fleire ulike grep er bompengenivået nå lågare enn om ingen grep var gjennomført siste 30 månader.
Som kjent skal fylkeskommunane etablere og eige fem regionale bompengeselskap som skal vere ansvarlege for innkrevjing av bompengar i framtida:

1. Øst: Vestfold, Oppland, Hedmark, Buskerud, Telemark, Akershus og Østfold
2. Fjellinjen: Oslo og Akershus
3. Sør/vest: Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Vest-Agder og Aust-Agder
4. Midt: Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag
5. Nord: Nordland, Troms og Finnmark

Det er fylkeskommunane som eig bompengeselskapa, og som derfor har formelt ansvar for etableringa av sine respektive selskap og for å overføre eksisterande og nye prosjekt til desse.
Departementet gav hausten 2015 rammer for dei nye bompengeselskapa basert på føreliggande prinsipp for bompengepolitikken, jf. Prop. 1 S tillegg 2 (2015–2016). Samferdselsdepartementet er i tett og god dialog med fylkeskommunane om etableringa av selskapa i tråd med desse føringane, og vil våren 2016 ha fortsatt god dialog med fylkeskommunane for å sikre at fylkeskommunane sine spørsmål og synspunkt om aktuelle problemstillingar blir diskuterte med departementet.
Fylkeskommunane synest å vere godt i gang med sitt arbeid – enten ved å førebu etablering av nye, felleseigde selskap eller å bygge vidare på eksisterande selskap og tilpasse desse til nye rammer.
Departementet har inntrykk av at det for alle dei fem selskapa nå vert lagt opp til å få avklaringar ved behandling i fylkestinga, og at dei fleste politiske avklaringane som er nødvendige for å etablere alle fem selskapa i tråd med rammene/ha alle eigarfylka inne på eigarsida i dei respektive selskapa, er på plass i løpet av tredje kvartal 2016.
Vidare arbeider Samferdselsdepartementet med eit utkast til nytt avtaleverk som er tilpassa ny organisering. Dette avtaleverket vil erstatte dagens bompengeavtale. Utkast til nytt avtaleverk vil innan kort tid bli sendt på høyring til fylkeskommunane.
Som kjent er det lagt til grunn at utstedarfunksjonen skal skiljast frå bompengeselskapa. Det pågår for tida arbeid med å fastsette rammer for ein utskilt utstedarfunksjon, samt med å vurdere rolle- og ansvarsdelinga i ny bompengesektor.
Departementet legg vekt på å oppretthalde den gode dialogen med fylkeskommunane i den vidare prosessen, samt å konsultere og informere dagens bompengebransje i det pågåande arbeidet med bompengereformen.