Fredric Holen Bjørdal (A): I dagens krevjande arbeidsmarknadssituasjon ser vi dømer på fosterforeldre der den eine blir permittert eller arbeidsledig og får trekk i dagpengar på grunn av godtgjeringa fosterheimen mottek.
Meiner statsråden at dette er rett tolking av regelverket, og vil ho ta grep for å forbetre fosterforeldre si arbeidsrettslege og sosiale stilling?
Begrunnelse
Mange hadde forventa at regjeringa i Fosterheimsmeldinga ville ta tak i dei økonomiske rammevilkåra for alle fosterforeldra som på vegner av samfunnet tek på seg det umåteleg viktige oppdraget det er å gje dagleg omsorg for barn som av ulike grunnar ikkje kan bu hos sine biologiske foreldre. Behovet for fleire som vil ta på seg fosterheimsoppdrag er skrikande, og dei mangelfulle arbeidsrettslege, økonomiske og sosiale rammevilkåra er med på å hemme rekrutteringa og gjer kvardagen vanskelegare for dei som allereie har fosterheimsoppdrag.