Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:938 (2015-2016)
Innlevert: 19.04.2016
Sendt: 20.04.2016
Besvart: 27.04.2016 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kva føringar vart gitt då ein lokaliserte hovudkontoret til forvaltingseininga i NAV Sogn og Fjordane til Sogndal, og kva er grunngjevinga for at ein no signaliserer ynskje å endre denne lokaliseringa?

Begrunnelse

Ved omorganiseringa av NAV vart det under den raudgrøne regjeringa bestemt at hovudkontoret for forvaltingseininga skulle lokaliserast til Sogndal. I desse dagar er det kome signal om at ein ikkje fornyar leigeavtala og at ein med dette signaliserer ei flytting av verksemda som er i Sogndal i dag.

Anniken Hauglie (H)

Svar

Anniken Hauglie: Eg vil først gjera oppmerksam på at Arbeids- og velferdsdirektoratet er ansvarleg for verksemda til Arbeids- og velferdsetaten. Dette inneber at direktoratet bestemmer korleis oppgåvene til etaten skal organiserast og kor dei ulike einingane i etaten, som og omfattar forvaltningseiningane, skal lokaliserast. Dette følgjer av § 3 i lov om arbeids- og velferdsforvaltninga.
Då arbeids- og velferdsforvaltninga vart etablert i 2006, var handsaminga av mesteparten av søknadane om ytingar frå folketrygda lagt til dei einskilde NAV-kontora i kommunane. Detta ga utfordringar både når det gjaldt å sikre fokus på arbeid og aktivitet ved NAV-kontora, sikre god kompetanse, lik handsaming og effektivitet i forvaltninga av økonomiske ytingar. For å løyse disse utfordringane og for å sikre meir robuste faglege miljø, vart handsaminga av økonomiske ytingar samla i forvaltningseiningar i 2008. Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemte då at forvaltningseininga for Sogn og Fjordane vart lagt til Sogndal med eit avdelingskontor i Førde.
I 2013 vart forvaltningseiningane samla i eit resultatområde. Bakgrunnen for dette var både eit behov for kvalitetssikring gjennom at forvaltningseiningane skulle spesialisere sakshandsaminga ytterlegare, effektivisere drifta med sikte på å overføre ressursar til arbeidsretta bistand ved NAV-kontora og samstundes tilpasse organiseringa til etatens utvikling av moderniserte IKT-løysingar. At forvaltningseiningane vert meir spesialiserte inneber at handsaminga av kvar enkelt yting vert konsentrert til eit avgrensa tal for einingar.
Eg er kjend med at kostnader til husleige, inkludert utfordringar knytt til leigekostnader for lokale som ikkje er i bruk, er betydelege for Arbeids- og velferdsetaten. Eg er vidare kjend med at etaten har ein fast prosedyre for å spare pengar i forbindelse med inngåing av leige-konktrakter og fornying av leigekontraktar, som inneber at det først vert undersøkt om det er mogleg å gjere nytte av ledige lokale internt i etaten og deretter hos andre statlege etatar.
Arbeids- og velferdsdirektøren har informert meg om at kontrakten for leige av lokala til forvaltningseininga i Sogndal går ut i april 2018 med ein opsjon om at forlenging av kontrakten som måtte utløysast innan april i år. Ein utløysing av opsjonen ville binde etaten til desse lokala fram til april 2023. Kostnadane per kontorplass for desse lokala er relativt høge, og eg er informert om at arbeids- og velferdsdirektøren difor ikkje ynskte å utløysa opsjonen utan å vurdere alternativ. Dette inneber at etaten fyrst vurderer moglegheitene for å utnytte ledige plassar i andre lokale der etaten har husleigebindingar og deretter ledige plassar i lokala til andre statlege etatar. Dette kan innebere at forvaltningseininga vert flytta frå Sogndal til ein nærliggande kommune. Arbeids- og velferdsdirektøren har informert meg om at etaten vil ivareta omsynet til reiseveg for dei tilsette i arbeidet med å finne nye lokale.
Eg er vidare informert om at vurderinga av nye lokale for forvaltningseininga i Sogndal ikkje inneber ei endring av hovudlokalisering for Sogn og Fjordane. For dei nærmaste åra vil likevel auka effektivitet og at einingane vert meir spesialisert i kombinasjon med uttak av gevinstar frå IKT-moderniseringa gje grunnlag for ein betydeleg reduksjon i talet på tilsette i forvaltningseiningane og overføring av ressursar til brukarretta oppfølging ved NAV-kontora. Dette vil kunne føre til endringar både når det gjeld hovudlokaliseringar og avdelingskontor. Eg er viss på at dette i så fall vil skje gjennom forhandlingar med dei tillitsvalde på riktig nivå og tråd med Hovudavtala.