Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:956 (2015-2016)
Innlevert: 21.04.2016
Sendt: 22.04.2016
Besvart: 29.04.2016 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Kva er bakgrunnen for at regjeringa engasjerte seg i tvisten mellom Norsk Transportarbeiderforbund og Holship Norge AS og forsvarte det såkalla hamnemonopolet i EFTA-domstolen samstundes som regjeringa for øvrig arbeider for ein meir effektiv transportsektor i Norge?

Begrunnelse

Holship Norge AS er ei lita spedisjonsverksemd i Drammen med 23 tilsatte, og med tariffavtale i Norsk Arbeidsmandsforbund. De tilsatte er ikkje med i Norsk Transportarbeiderforbund, som organiserar dei fleste hamnearbeidarane. I 2013 byrja Norsk Transportarbeiderforbund å boikotte og blokkere Holship fordi Holship ikkje ville signere på at Norsk Transportarbeidarforbund har fortrinnsrett til all lossing og lasting i Drammen Havn, som i alle andre hamner av økonomisk betydning i Noreg. Norsk Transportarbeiderforbund saksøkte Holship, og både Drammen tingrett og Borgarting lagmannsrett kom til at de hadde full boikottadgang overfor Holship. Men Holship anka til Høgsterett, som tok saka inn i 2015 og som spurte EFTA-domstolen om det kunne ligge føre brot på EØS-avtalen artikkel 31 (fri etableringsadgang) eller artiklane 53 og 54 (konkurransereglane. Den 19. april 2016 kom EFTA-domstolen til at Norsk Transportarbeiderforbund sin fortrinnsrett til lossing og lasting er i strid med EØS-avtalen artikkel 31, og kan vere i strid også med artiklene 53 og 54. Regjeringa engasjerte seg i saka til fordel for Norsk Transportarbeiderforbund gjennom å sende inn skriftleg innlegg til EFTA-domstolen, og den prosederte sammen med LO sine advokatar under høyringa i EFTA-domstolen den 9. november 2015. Dette skulle tilseie at regjeringa stiller seg bak den monopolmodellen som så langt har vore gjeldande i norske hamner, noko som synest underleg med tanke på regjeringa sitt politiske utgangspunkt generelt, og ambisjonar om ein meir effektiv og konkurransedyktig transportsektor spesielt.

Anniken Hauglie (H)

Svar

Anniken Hauglie: Tvisten mellom Norsk Transportarbeiderforbund og Holship Norge AS gjeld om ein varsla boikott i samband med eit krav om å slutte seg til ei tariffavtale, er lovleg etter boikottlova.
Den aktuelle tariffavtala er Rammeavtalen om fastlønnssystem for havnearbeidere. Den vart inngått mellom LO og NHO for fyrste gong i 1976, og har etter det eg forstår vorte fornya annakvart år.
Eg vil understreke at regjeringa ikkje har nokon eigeninteresse i tvisten mellom Norsk Transportarbeiderforbund og Holship. Men saka som no skal avgjerast av Høgsterett reiser nokre spørsmål som gjeld høve mellom kollektive forhandlingar og retten til arbeidskamp på den eine sida, og EØS-avtala sine konkurransereglar og reglar om den indre marknaden på den andre sida. Einskilde spørsmål i saka gjeld også Noreg sine folkerettslege plikter etter ILO-konvensjon nr. 137 om hamnearbeid.
Regjeringa fann grunn til å nytte høvet staten har til å leggje fram sitt syn på dei EØS-rettslege spørsmåla for EFTA-domstolen. Dette er i samsvar med praksis i andre saker for EFTA-domstolen. Sidan arbeidslivsmodellen i Noreg i stor grad byggjer på dialogen mellom partane i arbeidslivet, har målsetnaden med regjeringa sitt innlegg i saka vore å sikre at staten har handlingsrom til å bestemme kva som skal gjelde nasjonalt på sentrale rettsområder, slik som forhandlingsfridom for partane i arbeidslivet, og retten til arbeidskamp. Det er også viktig at Noreg kan oppfylle pliktene sine etter ILO-konvensjon nr.137 utan å kome i konflikt med EØS-reglane.
Fokuset til regjeringa i denne saka ligg såleis på interessene til staten, utan å ta stilling til tvisten mellom partane. Dette er sagt uttrykkeleg i innlegget til EFTA-domstolen.