Sveinung Rotevatn (V): Vil statsråden vurdere å gjere det enklare for arbeidstakarar som har mista jobben å få støtte til fornying av nødvendige lisensar som trengs for å kome tilbake i arbeid?
Begrunnelse
20. april fortalte NRK Sogn og Fjordane om arbeidslause sjøfolk som slit med å få støtte frå Nav til å gjennomføre nødvendige kurs for å halde på sertifisering til å jobbe på sjøen. Slike kurs, som ein må ta med jamne mellomrom, dekkar normalt arbeidsgjevar kostnaden ved. For dei mange som no mistar jobben langs kysten, kan kostnaden ved å fornye lisensar kome opp i titusenvis av kroner. Dette er tøft å bere for mange, samstundes som manglande lisensar gjer det vanskelegare å finne ny jobb innanfor same bransje. Før året er omme må 23 000 sjøfolk oppdatere sertifikata sine. For dei mange som no er oppsagt eller permittert, kan dette bli ein uoverstigeleg kostnad. Men utan oppdaterte lisensar er det å få ny jobb atskilleg meir krevjande.