Skriftlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:1017 (2015-2016)
Innlevert: 29.04.2016
Sendt: 29.04.2016
Besvart: 04.05.2016 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): I media dag ser vi at fleire og fleire i fiskerinæringa mister retten til dagpengar, og det verkar som om praksis er endra og at det er tilfeldigheitene som rår. Heilt lik søknad får innvilga hjå ein sakshandsamar og avslag hjå ein annan.
Kva tiltak vil statsråden iverksetje for å sikre eit ukomplisert regelverk som er tilpassa næringa, og vil ministeren ta grep for at dei som feilaktig har fått avslag får omgjort søknaden sin?

Begrunnelse

Det har komme fram fleire tilfeller i media denne veka bla i NRK Sogn og Fjordane om at det er endra praksis i utbetaling av dagpengar innan fiskerisektoren. Der permitterte/oppsagde før fekk dagpengar får dei avslag på idag. I tillegg ser det ut som om det er tilfeldigheitene som rår og at heilt lik søknad kan få avslag hjå ein sakshandsamar og bli innvilga hjå ein annan sakshandsamar, likeeins virkar det som at det vert skildnad mellom bedriftene. Ein kan undrast om regelverket er for komplisert og at bedriftene difor rapporterar inn forskjellig. Dersom dette er tilfelle går eg utifrå at ministeren vil rydde opp umiddelbart og iverksetje tiltak slik at bedriftene greier å innrapportere riktig og at dei permitterte får riktig utbetalt. Det vert vist til at idag er det ikkje nok å sende med arbeidskontrakt/lønsslipp når man søker dagpengar, nav krev også at bedrifta sender inn arbeidslister på kvar tilsett, som går eit år attende i tid. Dette for å gjennomsnitt berekne timane søkaren har vore på jobb pr. veke. Har du f.eks. verv som gjer at du må ha ein del fri frå arbeid, så kan det bety at du i snitt kansje er på jobb 28 t pr. veke, og då reknar nav dagpengar ut i frå dette. Påstand om endring av praksis og kvifor ein har endra praksis bør undersøkast. Endringar i praksis frå NAV kan så vidt meg kjent ikkje gjerast utan endring i forskrifter eller lov.

Anniken Hauglie (H)

Svar

Anniken Hauglie: Fiskeindustrien er meir utsett for svingingar i arbeidsmengd og ordretilgang, enn dei fleste andre næringar. Dette skuldast meir vekslande tilgang på råstoff. På bakgrunn av dette gjeld det ei rekkje særreglar for permitteringar i fiskeindustrien. Mellom anna gjeld ikkje lov om lønsplikt under permittering, og vilkåra for å få dagpengar under permittering er noko lempelegare enn elles.
Arbeids- og velferdsdirektoratet har informert departementet om at dei sakene som har vore omtalt i media, gjeld permitterte som har fått avslag på søknader om dagpengar som følgje av ei omlegging av praksis for korleis ein tel veker i permitteringsperioden. Permitterte i fiskeindustrien kan få dagpengar under permittering i 52 veker i løpet av ein periode på 18 månader. Tidlegare har berre meldeperiodar (ein fjortendagersperiode) der det er utbetalt dagpengar, blitt rekna med i desse 52 vekene. Dette har ikkje vore i tråd med den praksisen som gjeld for permitteringar elles. På bakgrunn av dette endra Arbeids- og velferdsetaten retningslinjene for berekninga av permitteringsperioden 18. februar i år. Alle meldeperiodar der einskilde arbeidstakaren er permittert, skal no telle med, uavhengig av om det er utbetalt dagpengar eller ikkje i meldeperioden.
Som følgje av at det ikkje blei tilstrekkeleg informerte om praksisendringa, legg Arbeids- og velferdsdirektoratet til grunn at dei permitterte arbeidstakarane og arbeidsgjevarane no får ein periode på tre månader til å tilpasse seg praksisendringa. Dette inneber at ny praksis først får verknad frå 1. august 2016. Permitterte som har nådd maksimal stønadsperiode etter 18. februar 2016, og har fått avslag fordi dei har nådd den maksimale stønadsperioden, vil få sakene sine vurderte på nytt.
Representanten stiller vidare spørsmål ved behovet for å få informasjon om kor mykje den einskilde arbeidstakaren har arbeidd, for inntil eitt år forut for permitteringa. Arbeids- og velferdsdirektoratet har opplyst at denne dokumentasjonen er naudsynt både for å kunne berekne kor stor arbeidstidsreduksjonen har vore, og for å gjere riktig avkorting (gradering) i dagpengane som følgje av arbeid.
Eg meiner det er viktig å ha eit regelverk som er lett å forstå. På bakgrunn av dei røynsler Arbeids- og velferdsdirektoratet no får i samband med oppfølginga av desse enkeltsakene, vil eg be direktoratet om ei vurdering av berekninga av perioden ved permitteringar i fiskeindustrien.