Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1072 (2015-2016) Innlevert: 10.05.2016 Sendt: 11.05.2016 Besvart: 13.05.2016 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie
Fredric Holen Bjørdal (A): Statsråden uttaler til Dagens Næringsliv 10. mai 2016 at ein av grunnane til at ho vil slå saman ungdomsgarantiane i Nav er at "Nav bruker ganske mykje tid på å definere kven som høyrer til kvar."Kva dokumentasjon har statsråden for denne påstanden, og kor mykje tidsbruk og ekstraarbeid fører ungdomsgarantiane med seg knytt til kartlegging som andre arbeidssøkarar ikkje gjennomgår?
Anniken Hauglie: Unge NAV-brukarar tek imot det same tenestetilbodet som NAV-brukarar elles og er i hovudsak del av det same arbeidsretta systemet for oppfølging. Tilgangen på verkemiddel og tiltak, samt kva for rettar og plikter unge NAV-brukarar har, avheng, som for andre brukarar, av kva for bistandsbehov den einskilde vurderast å ha. Ungdom er den gruppa som blir prioritert høgast i arbeids- og velferdsforvaltninga. Dette er ei prioritering det er politisk semje om. Det er sett i verk ei rekkje ulike satsingar retta mot inkludering av unge i arbeidslivet dei seinare åra. For å sikre at unge får den bistanden dei har behov for, er det mellom anna gjeve politiske føringar om prioritering av arbeidsretta bistand for unge. Unge er prioritert ved tildeling av arbeidsmarknadstiltak, og at det finst eigne garantiordningar for unge arbeidsledige og unge med nedsett arbeidsevne.Fafo har i rapporten "NAV-kontorenes oppfølging av unge brukere" undersøkt korleis NAV-kontora organiserer oppfølginga av unge, og kva for rolle garantiordningane har i dette arbeidet. Fafo meiner garantiane understreker at unge skal følgjast opp raskt, men stiller spørsmål ved om garantiane eigentleg garanterer unge god oppfølging. Fafo trekk fram som ei utfordring at garantiane fokuserer på at NAV-kontora oppfyller garantiane, framfor at den einskilde unge skal ha tilrettelagde tenester og ei oppfølging av god kvalitet. Fafo finn ikkje grunnlag for å hevde at garantiane for unge i alderen 20-29 år påverkar den konkrete oppfølginga unge får frå NAV-kontoret, og peiker på at ei god utforming av garantiane vil avhenge av kva som er målet med dei. I Riksrevisjonen si undersøking av oppfølging av ungdom utanfor opplæring og arbeid, peikast det mellom anna òg på at garantiordningane for ungdom ikkje har vore tilstrekkeleg for å sikre god kvalitet i oppfølginga av ungdom. Dei mange ulike innsatsane for unge, saman med dei tre garantiordningane, og signala om at unge skal prioriterast i ei rekkje ulike samanhengar, utgjer ein for samansett pakke av styring for oppfølginga av unge. Det er grunn til å tru at enklare og tydlegare styring kan føre til ei meir effektiv og betre tilpassa oppfølging av unge ved NAV-kontora. Regjeringa meiner det er viktig å prioritere unge, men på ein tydlegare og meir eintydig måte enn i dag. Det er viktig å sikre tidlig innsats for unge som har behov for bistand og gje NAV-tilsette høve til å tilpasse tilbodet etter den einskilde sitt behov.Eg vil om kort tid fremje ei melding til Stortinget om vidareutvikling av arbeids- og velferdsforvaltinga. I meldinga vil eg mellom anna diskutere behovet for prioriteringar i bruken av ressursar i NAV-kontora, med særskilt vekt på unge.