Skriftlig spørsmål fra Astrid Aarhus Byrknes (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1085 (2015-2016)
Innlevert: 12.05.2016
Sendt: 12.05.2016
Besvart: 23.05.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Astrid Aarhus Byrknes (KrF)

Spørsmål

Astrid Aarhus Byrknes (KrF): Hordaland fylkeskommune vedtok i sitt budsjett for 2016 å innføre enhetstakst for tog mellom Arna og Bergen. Nå viser det seg at NSB har avslutta dialogen med Hordaland fylkeskommune med mål om å få på plass ein slik avtale, sjølv om ein liknande avtale finns mellom NSB og Akershus fylkeskommune.
Kva vil statsråden foreta seg som eigar av NSB for å kunne få til ein avtale om enhetstakst?

Begrunnelse

I dag må reisande frå Arna ha eigen billett for tog og eigen billett for buss viss dei skal reise med begge deler. Dei som bur i Bergen og nytter seg av bybane og buss, klarer seg med ein billett utan ekstra kostnad. Det er ingen bybane frå Arna til Bergen, men toget er deira lokale kollektivtilbod.
Hordaland fylkeskommune har fått kostnadsberekna pris for enhetstakst til 10 millioner, som blei satt av i budsjettet for 2016. Nå viser det seg at NSB har trukket seg frå forhandlinger om å få på plass ei slik ordning. Samstundes er det kjent at NSB allereie har ein avtale om enhetstakst med Akershus fylkeskommune. Det vil overraske stort viss statsråden meiner at det kun er forbeholdt fylker på Austlandet å få i stand avtaler med NSB om enhetstakst.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Regjeringa ønskjer at fleire reisande vel toget som framkomstmiddel i og mellom byane. Vi har lagt til rette for eit betre rutetilbod og vi har auka satsinga på vedlikehald av jernbanenettet. I tillegg blir nye togsett stadig satt inn i trafikk. Dei nye togsetta har betre komfort og er meir driftsstabile samanlikna med det eldre togmateriellet.
Stadig fleire vel toget som framkomstmiddel. NSB sett stadig nye passasjerrekordar. På NSBs lokaltog på strekninga Bergen–Voss–Myrdal vart det registrert om lag 1 073 000 i 2015, ei auke på nær 3 pst. samanlikna med 2014. I 2018 vil Vossebana få nye Flirt togsett. Vi har og lagt til grunn at det skal byggjast ein ny Vossebane med dobbeltspor frå Arna til Voss, i fyste omgang fram til Stanghelle. Dette vil redusere reisetida og betre transporttryggleiken.
For å gjere tog og anna kollektivtransport meir attraktivt, er det viktig at dei reisande enkelt kan byte mellom transportslaga, utan å måtte kjøpe fleire billettar. Eit godt takstsamarbeid mellom ulike kollektivtransportselskap legg difor til rette for eit enda betre kollektivtransporttilbod. Det er prisverdig at regionale styresmakter i Bergen viser eit så stort engasjement for å sikre saumlause reiser på tvers av transportslaga. Det er ikkje berre Bergen som ønskjer snarlege forhandlingar om takstsamarbeid. Samferdselsdepartementet er opptatt av å starte samtaler med dei regionale styresmaktene som ønskjer dette.
Jernbanesektoren er midt i ein stor omstillingsprosess, som gjer at Samferdselsdepartementet må finne ein hensiktsmessig måte å handsame førespurnader om utvida takstsamarbeid på, slik at handsaminga følgjer dei same prinsippa overfor alle regionale myndigheiter.
Det er riktig at takstsamarbeidet i Oslo og Akershus har einhetstakst. Dette har likevel ikkje vore enkelt å gjennomføre. Det har tatt tid og det har vært utfordrande. Ruter og NSB diskuterer framleis korleis dei skal lause samordning av takstar lokalt. I det konkrete tilfellet i Bergen melder NSB at NSBs og Skyss sine billettsystem ikkje er interoperable, fordi Skyss ikkje har fylgt Handbok 206/V821 for elektronisk billettering ved nyskaffing av sitt billettsystem. Dette inneber at NSB og Skyss ikkje kan kontrollere/lese av billettane til kvarandre. Det fins såleis ein stor teknisk utfordring knyta til inntektsfordelinga mellom NSB og Skyss, som må bli laust før det i det heile tatt er teknisk mogleg å innføre einhetstakst.
Regjeringa, som varsla i RNB for 2016, legg opp til at alle togselskapa som vinn trafikkpakker skal få tilbod om eit felles og nasjonalt system for takst og billettering for persontogtransport på ikkje-diskriminerande vilkår. Eit slikt selskap skal sørge for at passasjerane kan kjøpe togbillettar like enkelt og saumlaust som i dag.