Liv Signe Navarsete (Sp): Kvifor reagerte ikkje Forsvaret på meldinga om hendinga i Dalsfjorden i mars?
Begrunnelse
NRK skreiv torsdag 12. mars at innbyggarar skal ha observert det som likna ein ubåt som gjekk med periskopet oppe i Dalsfjorden i Sogn og Fjordane i påskeveka. Lensmann i Fjaler, Åge Løset, seier til NRK at vitnet som melde inn ubåtobservasjonen i Dalsfjorden er truverdig.
Til NRK uttalar lensmannen at:
«vi fekk ei melding 21. mars om ein mogleg ubåtobservasjon i Dalsfjorden, litt aust for Dale. Vi fekk mellom anna sjå eit videoopptak av det som var ein ubåt i fjorden. Informasjonen formidla vidare vi til Forsvaret og vi bad dei vurdere og følgje dette opp».