Astrid Aarhus Byrknes (KrF): Etter det omstridte valet i 2015 er Burundi inne i ei politisk krise med høgt konfliktnivå og store flyktningstrømmar. Kirkens Nødhjelp arbeider saman med kyrkjelege aktørar for fred og forsoning i landet.
Kva støtte kan Utanriksdepartementet gje KN og andre aktørar i dette viktige fredsarbeidet?
Begrunnelse
Etter det omstridte valet i 2015 er Burundi i krise og ingen internasjonale institusjonar har godkjent det som eit rettmessig val. Konsekvensen har blitt 260 000 flyktninger til naboland, 85 000 er internt fordrivne , 700 er drepne og 800 er forsvunne. Det kjem rapportar om vilkårlege arrestasjoner, tortur i fengsel, massegraver og «targeted killing» der personer med posisjon på begge sider av konflikten blir målretta drept eller forsøkt drept.
Kirkens Nødhjelp (KN) har vore i området og landet sidan 1996. Dei bidreg med både naudhjelp og langsiktig bistand. KN har eit godt fotfeste i landet og ein god relasjon med både religiøse og politiske aktørar. Lokale trussamfunn og KN har tatt initiativ til "Action plan for peace», men dette prosjektet treng støtte for å bli realisert.
KN har ein unik posisjon til å bidra i eit viktig fredsarbeid i eit land der utvikling skulle vore på dagsorden meir enn konfliktsituasjonen. Fredsinitiativ som KN her vil bidra til vil vere svært verdfullt i dette landet, som sårt treng til ei fredeleg løysing og fattigdomsbekjemping.