Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden opplyse Stortinget om kva spesialisthelsetenestetilbod som vert gitt på Rjukan sjukehus i dag, jamfør det som vart skissert i Utviklingsplanen for Sykehuset Telemark HF 2012-2014 side 41, om fremtidig planlagt sykehusbehandling (dagtilbud og poliklinikk) på Rjukan, og om desse blir klassifisert som sykehusvirksomhet, jamfør Helseforetakslova sin § 32?
Begrunnelse
Viser til vedtatt Utviklingsplan for Sykehuset Telemark 2012-2014, godkjent i føretaksmøte 5.juni 2014. I Utviklingsplanen er det ein tabell på side 41, om planlagte tilbod ved Rjukan sykehus etter avvikling av døgn- og akuttfunksjonar. Spørsmålsstillar ber om ein oversikt over kvar einkelt av desse punkta i tabellen, korleis dei er fulgt opp av føretaket, og om dette er sjukehusvirksomhet, eller ikkje.