Ingrid Heggø (A): Det var med stor glede eg såg oppslag i NRK Finnmark, om at fiskeriministeren hadde skrinlagt alle forslag på regionalisering av leveringsplikta. Det var derimot ukårt korleis dette skulle skje, så derfor ber eg om svar på:
Kva tiltak vil fiskeriministeren innføre ev. håndheve på nye og andre måter, for å sikre at leveringspliktig fiskeråstoff faktisk vert landa i Mehamn, og skal desse endringane også gjelde andre stadar?
Begrunnelse
Viser til oppslag i media vedkommande å garantere fiskeråstoff til Mehamn. Eit trålkvantum på 4 700 tonn skal ilandføres i Mehamn viss det vert iverksett ny fiskeriindustri i kommunen. Pressemeldinga frå pressekonferansen i Alta 18. mai er i skrivane stund ikkje utlagt på regjeringen sine sider, og den hadde muligens vore klarleggande for dei mange spørsmåla som reiser seg i samband med kva tiltak som er tenkt iverksett for å nå målet. Det framgår av intervju at fleire alternativ er undersøkt og at lovverk/regelverket ikkje skal endrast, men at nå skal leveringsplikta overholdast. Ap er også opptekne av at leveringsplikta må overholdast etter intensjonane, og gjerast meir treffsikker, og var ein av pådrivarane for nettopp det breide mandatet Stortinget påla regjeringa å gje kommisjonen som skal vurdere og konsekvensutrede dei tre pliktene. Og det er bra at fiskeriministeren også har innsett at regionalisering ikkje vil løyse utfordringane den enkelte sjømatindustrien har. Tidlegare fiskeriminister Aspaker har ved minst to høve svara meg på skriftlig spørsmål om leveringsplikta vert overholdt, og svaret har kvar gong vore ja, leveringsplikta vert overholdt. Då er det nærliggande å stille eit spørsmål om dette faktum er endra etter vi bytte fiskeriminister eller om dagens fiskeriminister har ei anna fortolkning av regelverket enn den førre. Likeeins om fiskeriministeren vil iverksette særskilte tiltak for å få leveringsplikta i funksjon i Mehamn og om dette då berre skal gjelde 3 trålere med leveringsplikt til Mehamn. (to tilhøyrar Havfisk ein Nergård) Det er 21 trålere i dag med leveringsplikt, og kva med dei øvrige 18, det ville vore fint å få eit svar på. Det vert også vist i intervju til at det er vurdert endringar i havressurslova for å gje industrien nok råstoff, utan at det er redegjort for kva endringar dette kan dreie seg om.
Eg vil understreke at AP ikkje er imot gode løysingar og vise til at å gjere leveringspliktene meir treffsikre er eit verktøy vi støttar. Ap har også ved fleire høve fremja forslag om at der som sjømatindustribedrifter og flåte inngår langsiktige avtalar, så bør det utløyse kvotebonus. Dette for å sikre jamn tilgang til leveransar heile året. Dette var også intensjonen vår for inngåelse av leveringsplikt til enkelte fiskeriavhengige kystsamfunn. Eg vil likevel påpeike at viss regjeringa sitt framlegg vedr regionalisering av leveringsplikt hadde fått fleirtal i stortinget, så ville altså dette verktøyet vore borte. Då hadde leveringsplikta vore overholdt ved levering i regionen, som her ville vore ein stad i Finnmark. Leveringsplikta er av Høgre sin Svein Ludviksen omgjort til tilbodsplikt. I tillegg konkluderte Regjeringa Solberg 10.02 2014 på at det ikkje var aktivitetsplikt i Mehamn så det verktøyet er alt borte.