Hadia Tajik (A): Er statsråden komfortabel med at politiet rår folk til å bruke produktet frå berre ein kommersiell aktør til å merke verdisaka sine?
Begrunnelse
Hjå Teknisk Ukeblad 30. sep. 2015 kan ein lese at Politiet tester ut SelectaDNA, som er ei merkevæske folk kan pensle på verdisaka sine, slik at tingen får ein eigen kode, og som vil vere til hjelp for politiet dersom tingen vert stjålen. Det er eitt privat kommersielt selskap som står bak, og i artikkelen frå TU kan ein få inntrykk av at produktet er noko det offentlege ved politiet rår folk til å bruke.
Ap er tilhengar av vidareutvikling og bruk av DNA-merking. Spørsmålet er difor ikkje om ein er for eller mot ei slik utvikling. Spørsmålet er om ein privat aktør skal få denne presumptive særstillinga å verte "promotert" av politiet.