Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1174 (2015-2016)
Innlevert: 27.05.2016
Sendt: 27.05.2016
Besvart: 06.06.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Vil ei nedlegging av Moss lufthavn Rygge gjera at rekninga frå Avinor til Sandefjord Lufthavn Torp aukar, og i så fall kor mykje?

Begrunnelse

Då Geiteryggen lufthavn ved Skien vart lagt ned ble det kjent at Rygge og Torp fekk auka utgifter til Avinor sidan dei måtte ta over Geiteryggen sin del av kostnadane. Eg ber om eit oversyn over kva Rygge og Torp i dag betaler til Avinor og korleis dette vert for Torp om Rygge forsvinn.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Faktum og status

Lufthamnene på Torp og Rygge mottar i dag to typar tenester frå Avinor Flysikring AS: (1) Tårntenester som vert ytt lokalt på dei to lufthamnene og (2) innflygingstenester som vert ytt frå Avinor Flysikring AS sin kontrollsentral i Røyken. Innflygingstenestene vert ytt som ei fellesteneste for dei to lufthamnene i det luftrommet som vert kalla Farris TMA. Denne saka gjeld berre den eine halvdelen av dei samla kostnadene forbunde med innflygingstenestene. Den andre halvdelen er tilordna undervegstenesta som vert ytt i det øvre luftrommet der det er ein felles kostbase for heile det norske luftrommet.

Begge lufthamner betaler i dag for tårntenestene. Sandefjord Lufthavn AS har nekta å betale for innflygingstenestene fordi dei meiner at dei ikkje er rettsleg forplikta til det. Selskapet har brakt saka inn for retten, og ankesak vert handsama i lagamannsretten denne veka. Sandefjord Lufthavn AS vann i første instans, og Avinor Flysikring AS har anka.

Rygge sivile lufthavn AS betaler for innflygingstenestene i Farris TMA. Bakgrunnen er at Rygge sivile lufthavn AS har trått inn i dei eldre (betalings)pliktane Forsvaret har mot Avinor Flysikring AS etter den generelle Samarbeidsavtala dei to sistnemnde har seg imellom. Rettsgrunnlaget er med andre ord ei avtale som ikkje legg pliktar på Sandefjord Lufthavn AS. Status er etter dette at Rygge sivile lufthavn AS betaler for både tårn- og innflygingstenester, medan Sandefjord Lufthavn AS berre betaler for tårntenestene.

Dei samla kostnadene forbunde med innflygingstenestene i Farris TMA er i dag 46 millionar kroner. Desse må som nemnt først delast likt mellom kostnadsbasen for undervegstenestene og dei innflygingstenestene som ikkje er ein del av undervegstenestene (avgiftsteknisk sett er desse, saman med tårntenestene, å rekne som såkalla "terminaltenester"). Den eine halvdelen på 23 millionar kroner skal ifølgje det berekningsgrunnlaget som ligg til grunn for rettssaka betalast samla av Rygge sivile lufthavn AS og Sandefjord Lufthavn AS. Den innbyrdes fordelingsnøkkelen dei i mellom er i 2016 (basert på talet for kommersielle flyrørsler i 2015) 14 millionar kroner frå Torp og 9 millionar kroner frå Rygge.

Konsekvensar for tårnkostnadane dersom Moss lufthavn Rygge vert lagt ned

Så lenge tenestene vert ytt og organisert som i dag, er det ikkje grunn til å tru at ei nedlegging av Moss lufthavn Rygge vil ha konsekvensar for kostnaden til tårntenestene på Sandefjord lufthavn Torp. Tårntenestene på dei to lufthamnene er heilt separate.

Konsekvensar for innflygingskostnadane dersom Moss lufthavn Rygge vert lagt ned

Om Moss lufthavn Rygge vert lagt ned, vil Avinor Flysikring AS vurdere korleis innflygingstenestene kan organiserast best mogleg for den aktiviteten som er att. Nedlegging av sivil drift på Rygge kan gjere det samla sett meir kostnadseffektivt å avvikle Farris TMA og i staden yte dei innflygingstenestene som Torp og Rygge treng frå tårna på dei to lufthamnene. I så fall oppnår ein to ting: (1) Dei samla kostnadane vil reduserast fordi det vert realisert stordriftsfordeler mellom tårn- og innflygingstenestene, og (2) tenestene til Torp og Rygge vert klart skilde – både drifta og kostnadane. Det er på noverande tidspunkt ikkje mogleg å seie noko om kor mykje kostnadene eventuelt vil kunne reduserast. Ei eventuell endring vil krevje godkjenning frå Luftfartstilsynet.

Dersom Sandefjord Lufthavn AS vinn den pågåande rettssaka, vil selskapet ikkje ha plikt til å betale for nokre innflygingskostnadar. Då har det ikkje noko å seie at verksemda på Rygge vert redusert.