Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:1176 (2015-2016)
Innlevert: 27.05.2016
Sendt: 27.05.2016
Besvart: 03.06.2016 av finansminister Siv Jensen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Det er sagt at ein berre skal betale ei "flyseteavgift" per flyreise sjølv om denne består av fleire flygninger.
Kan statsråden garantere at ingen må betale meir enn ei avgift per reise?

Begrunnelse

Det er vedteke at transfer- og transittpassasjerer skal sleppe avgift. Det er ikkje noko krav om at det skal ligge føre ei avtale mellom flyselskapa for å sikre dette.

Korleis skal ein gå fram for å få pengane attende om ein har kome i den situasjonen at ein har betalt meir enn ei avgift.

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Etter Stortinget sitt avgiftsvedtak skal det betalast ei avgift på kr 80 per passasjer på ervervsmessig flyging frå norske lufthavner. Transitt- og transferpassasjerar er fritekne for avgift.

Dei avgiftspliktige (flyselskapa) må kunne dokumentere at vilkåra for fritak er oppfylte, dvs. at dei må berekne og betale avgift dersom dei ikkje kan dokumentere dette. Flyselskapa vel sjølve korleis dei vil dokumentere fritaket.

Ved deklarering av avgift (innlevering av avgiftsoppgåve) skal det nyttast faste avgiftskodar og avgiftsgrupper, og for avgiftsfritak. Skatteetaten vil gi nærare informasjon om dette.