Liv Signe Navarsete (Sp): Eg vil be statsråden konkret gjere greie for kva bilaterale eller eventuelt multilaterale handelsavtalar USA, Japan, Sveits, Sør-Korea, Australia, Singapore, Kina og Russland har med EU som sikrar bankar og finansinstitusjonar frå desse landa tilgjenge til EU sin finansmarknad?
Begrunnelse
I Prop. 100 S skriv regjeringa at ein gjennom å inkludere rettsaktene som etablerer EU sitt finanstilsynsystem vil sikre "bedre adgang" for norske bankar til EU sin finansmarknad. Det vert fleire gonger argumentert med at reell suverentitetsoverføring til EU sitt finanstilsyn, gjennom kopivedtak i ESA, er nausdynt for å sikre norske finansinstitusjonar "tilgang" til EU sin marknad. Denne påstanden vart attgjeven seinast under Dagsnytt 18 onsdag 1. juni, då frå leiaren i Finans Norge. Han hevda også at bankar frå USA, Japan og Sveits hadde tilgjenge til EU sin marknad, av di desse landa har inngått bilaterale avtalar med EU. Frå regjeringa si side er det i særs liten grad lagt fram dokumentsjon på korleis finansinstitusjonar frå ei rekkje andre land har tilgjenge til EU sin finansmarknad, utan at desse landa har gjeve frå seg suverenitet over tilsyn og kontroll med sin nasjonale finansmarknad.