Svar
Ketil Solvik-Olsen: For å gjere det regionale flyrutetilbodet i Noreg mest mogleg effektivt, marknadstilpassa og rettferdig har vi i denne utlysinga gjort nokre endringar i krava til forpliktingar til offentleg tenesteyting (FOT) i Nord-Noreg, som vi òg gjorde i Sør-Noreg i fjor. Desse endringane er gjort med tanke på at det er flyselskapa som har mest informasjon om passasjerane sine behov og etterspørselen i marknaden. Samstundes har vi sett at staten og skattebetalarane sine kostnadar knytt til kjøp av regionale flyruter har auka over tid, og eg ynskjer at drifta skal gjennomførast så effektivt som råd slik at vi ikkje betalar for mykje for tenesta etter konkurransen.
Endringane vi har gjort, gir flyselskapa større fleksibilitet til å oppfylle FOT-krava. Dette vil medverke til at flyselskapa gir eit rutetilbod som er betre tilpassa behova, samstundes som det gir ein lågare tilbodspris enn tidlegare. Mellom anna har vi sett krav til setekapasitet på årsbasis i staden for vekebasis. Vi har samstundes standardisert og redusert minimumskrava til talet på avgangar per dag, men tilpassa det til setekapasitetskravet. Det gjer at flyselskapa har større moglegheit til å tilpasse avgangane etter etterspørselen, slik at dei kan redusere talet på avgangar på dagar/veker med låg etterspørsel, og auke talet på avgangar på dagar/veker med høg. Setekapasitetskravet er basert på prognosar for passasjertrafikken på kvar enkelt flyrute. Eg vil understreke at vi òg har sett krav om at flyselskapa skal ta omsyn til publikum sin etterspørsel etter flyreiser, og med det prøve å tilpasse ruteprogramma i dialog med brukarane av flytilbodet så langt det let seg gjere.
Regjeringa har samstundes skjerpa krava til trykkabin i utlysinga for Nord-Noreg samanlikna med sist anbodsperiode i 2012, jamfør Luftfartstilsynets anbefalingar. Det betyr at det no blir krav om trykkabin på fleire FOT-ruter i Nord-Noreg, enn det som har vore tilfelle fram til no. Dei fire strekningane som blir omfatta av dei nye krava til trykkabin er Harstad/Narvik – Bodø, Hasvik – Tromsø, Hasvik – Hammerfest og Sørkjosen – Tromsø.
Ved utlysinga av FOT-rutene i Sør-Noreg blei det innført ein ny modell for berekning av maksimal billettpris på kvar flyrute. Denne modellen er no vidareført med nokre modifikasjonar i utlysinga for Nord-Noreg. Modellen tek større omsyn til at det er dyrare å fly korte strekningar per kilometer enn lange, da det er mest kostbart å lette og lande. Dette har ført til at nokre flyruter har fått høgare maksimal billettpris, og andre har fått lågare maksimal billettpris enn dei ville fått ved ei vidareføring av dagens prissettingspraksis. Det er òg verdt å merke seg at maksimal billettpris på flyrutene som blir kjøpt av staten, har vore lågare enn prisen på full-fleks billettar på tilsvarande kommersielle ruter (der staten ikkje kjøper ruter). No får vi dermed eit meir rettferdig billettprisnivå, der samanliknbare FOT-ruter blir likebehandla, samstundes som det kan bidra til å redusere prisforskjellen til kommersielle flyruter. Flyselskapa har òg full fridom til å tilby lågare billettprisar enn maksimal billettpris på alle flyrutene – noko dei allereie gjer i dag. Sosiale rabattar til pensjonistar, uføre osv. blir vidareført.
Samferdselsdepartementet har dei siste åra opplevd å måtte trekke tilskot frå operatørar som ikkje har klart å oppretthalde forventa regularitet. Vi opprettheld kravet om minimum 98,5 prosent regularitet i denne utlysninga òg, men vi har endra litt på kriteria. Tilsvarande endring blei gjort for rutene i Sør-Noreg. Det vi ynskjer å oppnå med dette, er at flyselskapa får betre insentiv til å oppretthalde høg regularitet på alle flyrutene, og ikkje berre på dei som allereie har god regularitet. Vi trur også at flyselskapa vil vurdere at det med dette grepet er lågare risiko knytt til tilskotstrekk i tilbodet, som igjen kan bidra til å gi ein lågare tilbodspris.
Samla sett meiner eg at denne utlysinga sikrar eit effektivt og marknadstilpassa regionalt flyrutetilbod i Nord-Noreg til ein fornuftig kostnad for staten.