Liv Signe Navarsete (Sp): Korleis har regjeringa, til dømes gjennom felleserklæringar med EU, nasjonale erklæringar, konklusjonar i EØS-rådet eller avklaringar gjennom brevveksling med EU, sikra at ESA står fritt til å gjere eigne, sjølvstendige vedtak som kan stride mot tilrådingane frå EU sitt finanstilsyn?
Begrunnelse
Grunnlova § 115, første ledd, er som følgjande:
«For å sikre internasjonal fred og tryggleik eller fremje internasjonal rettsorden og samarbeid kan Stortinget med tre fjerdedels fleirtal gje samtykke til at ein internasjonal samskipnad som Noreg er tilslutta eller sluttar seg til, på eit sakleg avgrensa område får råderett som elles ligg hjå dei statlege styresmaktene etter denne grunnlova, men likevel ikkje rett til å endre denne grunnlova. Når Stortinget skal gje sitt samtykke, skal minst to tredjedelar av medlemmene vere til stades, som ved behandling av grunnlovsframlegg.»