Skriftlig spørsmål fra Astrid Aarhus Byrknes (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1256 (2015-2016)
Innlevert: 09.06.2016
Sendt: 09.06.2016
Besvart: 20.06.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Astrid Aarhus Byrknes (KrF)

Spørsmål

Astrid Aarhus Byrknes (KrF): U-864 utanfor Fedje har fått sitt vedtak om tildekking. Fleire eksperter ved UIB meiner det er ein stor miljørisiko i framtida for lekkasje av kvikksølvet.
Har det i denne prosessen vore utgreidd eit "verstefallsscenario"?

Begrunnelse

Det er gledeleg at arbeidet med å løyse kvikksølvproblemet i U-864 no endeleg skal starte etter meir enn 10 års utgreiing. I fyrste fase skal ubåten no stabiliserast med ei støttefylling som eg forstår er godt i gong. For prosessen vidare har eg fått informasjon om det skal vurderast to alternativ for prosessen vidare :

1.Tildekking av vraket eller 2. ta opp mest mogleg av kvikksølvlasta ved hjelp av velkjend ROV off-shore teknologi. Slik eg har forstått det har kystverket tidlegare gått inn for alternativ 1, men så ligg der også faglege grunnar for val av alternativ 2. Lokalmiljøet er opptatt av miljøet og faren for lekkasje av kvikksølvet, noko som vil få store konsekvenser for heile kysten ved at fisk og sjømat vert forureina. Når det i tillegg finst ekspertise i verdsklassen for eit prosjekt der ein kan ta opp kvikksølvet, så vil det vere viktig for heile kysten at det alternativet vert sett på, og i lys av eit verstefallsscenario.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Etter min kjennskap har ikkje Stortinget treft vedtak om tildekking av vraket av U-864, slik representanten Aarhus Byrknes sitt spørsmål kan tyda på. Regjeringa har heller ikkje lagt fram noko framlegg for Stortinget om tildekking av vraket.

Etter framlegg frå regjeringa i samband med budsjettframlegget for 2015 trefte Stortinget vedtak om å løyvemidlar til å byggj e ei støttefylling ved vraket. Denne fyllinga skal støtte opp og sikre den ustabile skråninga under og nedanfor vraket sin baugseksjon mot utrasing. Eit ras ville ha spreidd sediment som er til dels ekstremt forureina utanfor det området som allereie er forureina. Fyllinga skal ikkje røre ved sjølve vraket, og etableringa av fyllinga vil soleis ikkje avgrensa val av vidare tiltak.

I utgreiinga av ulike tiltak for å handtere forureininga ved vraket er ei lang rekkje risikoar vurdert, også ekstremhendingar. I den eksterne kvalitetssikringa (KS 1) frå 2012 av Kystverket si konseptvalutgreiing går det fram at det er gjort vurderingar av ekstremhendingar som til dømes endra klimatiske forhold, vulkanutbrot og endra samfunnsforhold. I kvalitetssikringa er det peikt på at ein ikkje kan fjerne risikoane knytt til slike hendingar ved å ta kvikksølvet på land, fordi dei same hendingane og kan råke eit deponi på land.

Ikkje noko tiltak for å handtere kvikksølvforureininga ved vraket av U-864 er utan risiko. Det ein då må gjere er å vurdere og handtere den samla risikoen på best mogleg måte. Ein kan ikkje berre leggje vekt på ekstremt lite trulege hendingar knytt til eit av tiltaka, men ta omsyn til moglege følgjer av meir trulege hendingar knytt til begge tiltaka. Etablering av støttefyllinga er eit døme på dette. Den skal sikre skråninga ved baugseksjonen mot utrasing, til dømes som fylgje av jordskjelv, og verdifor bygd for å tåla 10 000-årsskjelv.

Når vi no byggjer støttefyllinga, er det nettopp for å gjera risikoen minst mogleg for at noko skal gå gale i framtida, anten det det blir tildekking eller heving av last før ei tildekking. Kva for eit av desse to tiltaka ein skal velje, er til vurdering i Samferdsledepartementet.