Geir Pollestad (Sp): Ved fleire høve har bønder på Jæren opplevd å få øydelagt avlinga på grunn av arkeologiske utgravinger vert gjennomførd like før hausting.
Meiner statsråden at dette er god framferd av arkeologar som utfører ein jobb på vegne av det offentlege?
Begrunnelse
I eit oppslag i Jærbladet (jbl.no)8. juni kan me lesa at arkeologar tre veker før hausting av gulrøter vart det sett i gang arkeologiske utgravinger som øydela ei halv million gulrøter til ein verdi av 250 000.
Det framgår av saka at dette ikkje er ei unik hending. Betre kontakt mellom grunneigar og arkeologar kunne ha gjort at ein fann ei løysing. Det virker som om ein har ei haldning om at ein gjer det fordi ein kan gjera det - utan vilje til å finne gode løysingar.
Ansvaret for utgravingane er delegert til fylkeskommunen - men at det vert gjort på oppdrag ved staten ved Riksantikvaren.