Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden garantere at regjeringa frå norsk side ikkje vil leggje noko press på Island, verken når det gjeld tidsbruk i saka eller deira moglegheit til å gjere ei reell og sjølvstendig konstitusjonell vurdering?
Begrunnelse
Regjeringa og Arbeiderpartiet si grunngjeving for hastehandsaminga av denne saka har vore sterkt misvisande. Regjeringa og Arbeiderpartiet meiner at ei norsk utsetjing av saka vil sinke arbeidet med endringar av EØS-avtala.
I Klassekampen 9. juni er Truls Wickholm sitert slik:
"Slik jeg forstår det på tilbakemeldingene fra regjeringaen, har det vært lagt opp til at Efta-landene nå behandler dette i løpet av sommeren, og at man kan ha vedtak frå alle parlamentene, så Efta kan godkjenne avtalen i forhandlinger med EU."
No viser det seg at det islandske parlamentet likevel ikkje vil handsame saka før i haustsesjonen. Det er vaksla grundig handsaming på Island, og jusprofessor Øgmundur Jonasson fortel til Nationen 9. juni at han meiner saka er i strid med Island si grunnlov.
Når det islandske parlamentet ventar til etter sommaren, er det heller ikkje nokon grunn til at Stortinget hastehandsamar saka.
Det bør seiast klårt at Island skal stå fritt til å gjere sjølvstendige vurderingar ut frå deira eiga grunnlov.