Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1294 (2015-2016)
Innlevert: 14.06.2016
Sendt: 15.06.2016
Besvart: 21.06.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Kan statsråden gjera greie for kva som ville vært framdriften av utbygging av E16 i Hordaland slik prosjektet er prioritert i den rød grønne NTP samt kva tiltak regjeringen har gjennomført for å klargjere prosjektet for realisering?

Begrunnelse

Den rasutsatte vegen mellom Arna og Voss i Hordaland fylkeskommune E16 vart ikkje prioritert i gjeldane Nasjonal Transportplan (2014-2024) av stortingsfleirtalet sommaren 2013. Heldigvis fekk me eit nytt fleirtal ved valet 2013 som har vist evne og vilje til å satse meir på samferdsel slik at prosjekt blir realisert fortare. Regjeringa har også tidlegare valdt konsept / trase, samt tatt i bruk meir statleg plan for å redusere planleggingstida ytterlegare. For E16 har regjeringa fastsett trasevalg og gått direkte på planlegging uten kommunale planprosessar. Spørsmålstillar merker seg at Ap-byrådet i Bergen kommune kritiserer regjeringa for å korte inn planprosessen ved å ikkje la kommunen håndtere planprosessen sjølv.
Ap i opposisjon ser ut til å ha gløymt korleis dei prioriterte denne vegen då dei sat i posisjon. Samferdsleministeren frå den rødgrønne regjering uttalte til Bergensavisen 29. august 2013:

«Vi skal lytte til veivesenet og regionale anbefalinger, men dette er uansett ikke et tema før neste rullering av nasjonal transportplan (NTP) i 2017».

Det blir gjennom uttaler frå fylkestinget og medieoppslag gitt inntrykk av at prosjektet kunne vært ytterlegare forsert. Dette til tross for at regjeringa utan at dette er omtalt i NTP har gjort mykje for å førebu ein stor utbygging/forbetring av strekningen.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Det er viktig for regjeringa å utvikla tryggare og meir effektiv infrastruktur. Utviklinga av E16 Arna-Voss er høgt på agendaen hos regjeringa. Etter regjeringsskiftet har det vore gjort ei rekkje grep for å betra denne transportåra – både på kort og lang sikt.
La meg minna om at det ikkje ligg inne midlar til større prosjekt på E16 mellom Voss og Arna i Nasjonal transportplan 2014-2023. Regjeringa meiner det er viktig å komme i gang med varige utbetringar. E16 er ein viktig transportåre mellom landsdelane og har relativt høgt trafikkvolum. I desember 2015 fastsette Samferdselsdepartementet strategi for framtidig utvikling av Vossebanen og E16 mellom Voss og Arna. Samferdselsdepartementet sitt val av strategi inneber at første utbyggingstrinn skal omfatte strekninga Arna-Stanghelle, der konsept K5 skal leggjast til grunn. På strekninga Stanghelle-Voss skal det på kort sikt gjennomførast oppgradering av tunnelar og diverse skredsikringstiltak. På lengre sikt vert det lagt til grunn at K5 kan realiserast på denne strekninga også, men Samferdselsdepartementet er open for at andre løysingar kan vurderast her basert på erfaringar og utvikling av prosjektet.
Planarbeidet koordinerast av Statens Vegvesen med Jernbaneverket, slik at ein har god framdrift og får til naudsynte avklaringar undervegs. Omsyn til effektiv planlegging og kostnadseffektiv utbygging skal prioriterast i det vidare arbeidet. Det er lagt opp til at vidare planlegging på strekninga Arna-Stanghelle skal skje ved statleg plan, og at ein skal gå rett på reguleringsplan. Sjølv om dette arbeidet er i gang, vil det ta noko tid før ein reguleringsplan er ferdig. Vi legg til grunn at det er godt samarbeid med kommunane. Prioritering av midlar til utbygging av strekninga er føresett vurdert i samband med Nasjonal transportplan 2018-2029. Utbygging av strekninga Stanghelle-Voss er føresett vurdert ved seinare revisjonar av Nasjonal transportplan.
Samstundes er det viktig å sikra vegen på kort sikt. I Statens vegvesen sitt handlingsprogram 2014-2017 (2023) er det lagt opp til å starte gjennomføringa av ei rekke kortsiktige skredsikringstiltak på strekninga i første fireårsperiode. Det er lagt til grunn til saman 26 mill. 2014-kr, fordelt med 12 mill. kr i 2016 og 14 mill. kr i 2017. Prioriteringa er basert på ein rapport som Statens vegvesen utarbeidde i 2013. Rapporten omfatta tiltak for sikring E16 mellom fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane og Arna/Trengereid mot jord- og steinskred, nedfall av is, samt forslag om radarovervaking av bergsider på eigna stader med sikte på førehandsvarsling av skred. Tiltaka var kostnadsrekna til totalt om lag 100 mill. kr.
Arbeidet med dei kortsiktige skredsikringstiltaka på E16 vart starta alt i september 2015, finansiert gjennom omdisponering av om lag 13 mill. kr i varige innsparingar på andre skredsikringsprosjekt. I statsbudsjettet for 2016 er det løyvd 18 mill. kr til vidareføring av arbeida innafor post 31 Skredsikring riksveg. I tillegg er eit permanent skredvarslingsanlegg i Bogelia i Vaksdal finansiert innafor post 23 (om lag 10 mill. kr), og det er kjøpt inn eit system for utløysing av skred ved hjelp av helikopter.